Fagstoff

Å leve i gruppe

Publisert: 18.06.2013, Oppdatert: 01.08.2017
Ulveflokk

Hos mange dyreartar er det vanleg å leve saman i grupper. Somme lever saman som gruppe heile tida, men mange artar lever saman berre under hekkinga eller når dei sankar mat. Hadde det ikkje vore betre å leve åleine enn å måtte dele ressursane med så mange andre? Kva fordelar og ulemper kan gruppeåtferd ha?

Akrobatiske øvelser av en flokk med stærEin flokk med star som flyg saman for auka forsvar. Dette fenomenet blir òg kalla "svart sol" på grunn av utsjånaden.  

Hauk som jakter på en dueJo større dueflokk som speidar etter fiendar, jo større sjanse er det for at hauken blir oppdaga i god tid. Viss ei due flyg opp, flyr alle, og sjansen hauken har for å fange eit bytte, minkar.  

Delfin på jakt etter makrellDelfin jaktar makrell. Makrellstimen gjer ein forsvarsmanøver som gjer det vanskeleg for predatoren å plukke ut eit bytte. 

Lomvi som hekker på Bjørnøya. 76 individer per kvadratmeter.Lomvi som hekkar som "sild i tønne". Forsking har vist at tette koloniar har større hekkesuksess enn dei meir spreidde koloniane på grunn av meir effektivt forsvar.  

Elefanter som går på en lang lang rekkeFamilieflokkar er vanleg hos elefantar. Når dei er på vandring, blir dei minste ofte plasserte i midten for å vere best verna.  

Acanthurus leucosternonKirurgfisken (Acanthurus leucosternon) lever vanlegvis åleine eller i par på grunne korallrev. Mens dei beitar på algar, dannar arten store sosiale grupper, noko som kan gi dei betre vern mot fiendar.  

Flaggermus som henger og soverPallidusflaggermus frå Nord-Amerika sparer energi ved å kvile tett saman slik at dei får varme frå kvarandre.  

Parasitt som lever på klippesvaleÅ hekke i koloni kan òg ha negative konsekvensar. Klippesvaler som lever tett saman i store koloniar, er meir utsette for å bli infiserte av parasittar, som den blodsugande Oeciacus vicarius.

Å leve i gruppe

Hos enkelte dyreartar finn ein grupper der fleire individ av same art lever saman. I ei slik gruppe vil det alltid finnast både samarbeid, samhandlingar og konfliktar.

Å leve saman i ei gruppe må gjennom evolusjonshistoria ha vore fordelaktig sidan denne åtferda framleis eksisterer og er vanleg.

For at ei gruppeåtferd skal ha utvikla seg ved evolusjon, må gevinstane ved åtferda vere større enn kostnadane, og eigenskapen må vere arveleg.

Gevinstar ved å leve i gruppe

Fordelane ved å leve i gruppe er i hovudsak at ein kan forsvare seg betre, og at det aukar sannsynet for å finne eller fange mat.

Forsvar mot fiendar

Farar blir oppdaga mykje tidlegare med fleire auge som held vakt og passar på. Det kan òg vere slik at flokken sender ut ein "speidar" som held vakt mens dei andre for eksempel samlar mat. Denne "speidaren" vil sende ut eit alarmsignal dersom han oppdagar fare.

Forsvaret ved direkte angrep blir òg sterkare dersom individa står samla. Hos moskus og afrikansk bøffel er det ikkje uvanleg at dei vaksne individa samlar seg i ein ring rundt kalvane for å verne dei.

Utveljing og forvirring kan òg vere årsaker til at dyr samlar seg i flokkar. Ei løve kan berre drepe éin gnu per angrep, og viss gnuane lever i flokk, er det god sjanse for at andre enn "deg sjølv" blir bytte. Ved å vere mange kan det òg vere forvirrande for ein predator å skulle plukke ut eit bytte. Adeliepingviner som stuper i vannetAdeliepingvinar som stuper i vatnet. Pingvinane stuper ofte ut i vatnet i flokk, både for å minske sjansen for å vere den som blir fanga, men òg for at det kan bli vanskelegere for leopardselen å plukke ut og bestemme seg for eit bytte.

Finne og fange bytte

Grupper kan fungere som informasjonssenter der ein får opplysningar om gode stader for å finne mat. Kven som er informator, kan variere frå dag til dag.

Flere løver som samarbeider om å felle en bøffel Ved å jakte saman kan ei gruppe felle bytter som er større eller raskare enn kva dei sjølve er. Løver samarbeider som gruppe for å kunne fange og drepe ein bøffel. Dette klarer dei ikkje åleine sidan bøffelen er såpass mykje større. Løvene samarbeider òg ofte om omsorga til avkomma. Ulvar samarbeider ofte for å jakte og felle elg.

Spare energi

Varmblodige dyr sparer energi ved å vere nært inntil kvarandre. Flaggermus som søv tett saman med andre, bruker mindre energi til å halde på varmen enn dei som heng åleine. Trekkfuglar flyg ofte i plogformasjon for å minske luftmotstanden og slik spare energi.

Kostnadar ved å leve i gruppe

Å leve i gruppe fører til at ein blir meir synleg og til auka konkurranse om ressursane internt i gruppa. Desse kostnadane må vere mindre enn gevinsten for at det skal lønne seg å leve i gruppe.

Meir synleg og meir konkurranse om ressursane

En flokk med afrikanske villhunder som spiser på sitt bytteAuka jaktsuksess hos villhundane vil ikkje nødvendigvis kompensere for det å måtte dele viss flokken er for stor.  Det er lettare å bli oppdaga når fleire dyr er samla, enn viss ein er åleine. Fleire i ei gruppe vil òg kunne medføre større konkurranse om ressursane. Dette kan igjen føre til aggressiv åtferd med fare for skadar og at mengda ressurser per individ blir redusert.

Sjansen for å bli bedradd kan òg auke i ein flokk. Det er ikkje sikkert at dei barna som dei vaksne dyra gir omsorg og pleie til, er dei barna som er deira eigne.

Stress og sjukdom

Å leve i større grupper kan medføre stress, som igjen kan påverke helsetilstanden til det enkelte individet. Sjukdommar og parasittar vil òg kunne spreie seg lettare når individa lever så tett innpå kvarandre. Innavl er eit anna problem som kan oppstå i ein flokk dersom alle i flokken er nært i slekt, og der det ikkje kjem inn "nytt blod". Innavl fører til redusert genetisk variasjon, som igjen gir auka sjanse for enkelte sjukdommar.

Stroleiken på ei gruppe kan vere eit resultat av eit kompromiss mellom desse gevinstane og kostnadane. For å måle fitnessen"Fitnessen" til eit individ beskriv det relative bidraget det gir til ein populasjon sitt genbasseng.Fitness er eit mål på reproduktiv suksess og speglar både overlevingsevne og formeiringsevne. Omgrepet beskriv evna individet har til å få avkom, sett i forhold til andre individ i populasjonen.Individ med høgast fitness er best tilpassa miljøet dei lever i, og lykkast i å føre fleire av gena sine vidare til neste generasjon, samanlikna med individ med låg fitness. Populasjonen som heilskap vil dermed bli betre tilpassa miljøet gjennom naturleg seleksjon.Fitness er eit relativt omgrep; individ sin fitness vil alltid gjelde eit bestemt miljø. Dermed kan eit individ sin fitness vere lågare eller høgare i ein annan populasjon og i eit anna miljø. til ei åtferd ser ein ofte på kor mykje tid som blir brukt til fødeopptak i forhold til tida som blir brukt på forsvar, slåssing og speiding etter fiendar.

Relatert innhald