Hopp til innhald

Fagstoff

Samarbeid om fellesgode

Turistforeininga har merkt mange stiar i fjellet med raude T-ar. Vi kan alle nytte oss av dei oppmerkte stiane utan å betale for det. Stiane er derfor eit døme på eit fellesgode. Reiselivet baserer seg ofte på fellesgode, som er tilgjengelege for alle.
Tre personar går på ein sti i norsk fjellandskap. Ein stor, raud T er måla på ein stein fremst i biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med fellesgode meiner vi noko som blir betalt av nokre få, men nytta av mange. Mange fellesgode blir betalte av det offentlege, slik som skular, sjukehus, parkar og veglys. Men vi har òg fellesgode som private aktørar betaler for. For at noko skal reknast som eit fellesgode, må andre enn dei som betaler for det, ha nytte av godet.

Fellesgoda og allemannsretten

Fellesgoda er ofte kjernen i reiselivsproduktet, og er gode vi alle har tilgang til. Fellesgode inkluderer alt frå turiststiar, skiløyper og byparkar til opne konsertar og retten til å slå opp telt i utmarka.

Allemannsretten er eit av fellesgoda våre – og eit viktig grunnlag for den norske friluftskulturen. Han er òg eit viktig grunnlag for det natur- og opplevingsbaserte reiselivet i Noreg. Allemannsretten gir oss mellom anna rett til å ferdast fritt til fots og på ski i utmark, rett til å raste og telte og rett til å hauste av bær og sopp.

Allemannsretten gjeld i tillegg på sjøen, der det òg er fritt fiske til eige bruk. Dei viktigaste delane av allemannsretten er lovfesta i friluftslova.

Lov om friluftslivet (friluftslova)

Les heile friluftslova, Lovdata.no.

Klima- og miljødepartementet seier dette om allemannsretten:

Allemannsretten gir oss rett til å ferdes og oppholde oss i utmark i Norge. Rettigheten er et gratis fellesgode som er en del av den norske kulturarven. Allemannsretten gjelder uavhengig av hvem som er grunneier.

Attraksjonsverdi

Noreg er eit vakkert land, med mykje natur og kultur. Destinasjonane har mange fellesgode som ikkje kan privatiserast. Desse goda har mykje å seie for attraksjonsverdien til destinasjonane, altså for kor attraktive folk opplever stadene.

Attraksjonsverdien er viktig for reiselivsaktørane. Han påverkar både kundegrunnlaget og omsetninga. Tenk til dømes på kva nordlyset gjer for reiselivsnæringa i Nord-Noreg, kva Bryggen i Bergen gjer for bergensregionen, eller kva Besseggen gjer for reiselivsaktørar i Vågå og Jotunheimen. Nedanfor kan du sjå nokre glimt frå den populære turen over Besseggen.

Samarbeidsorganisasjonar i reiselivsnæringa har ei viktig koordineringsrolle. Dei legg til rette for reiselivet ved å gi tilgang til fellesgode som opplevingar, aktivitetar og turistinformasjon. Dei utarbeider òg fellesstrategiar for å ta vare på miljøet.

God tilrettelegging har mykje å seie for den enkelte reiselivsaktøren. Mange reiselivsaktørar er gjensidig avhengige av kvarandre. Til dømes samarbeider overnattingsbedriftene med transportselskapa, som igjen samarbeider med serverings- og opplevingsbedrifter.

Analyseselskapet Menon Economics (2019) deler fellesgode i reiselivsnæringa i tre hovudtypar:

  • natur- og kulturgode
  • tilrettelegging av infrastruktur
  • koordinering av det kommersielle produkttilbodet på destinasjonen

Natur- og kulturgode

Natur- og kulturgoda i Noreg er verdifulle både for oss som bur her, og for turistane som kjem hit. Naturgode er alt frå dei store, minneverdige naturopplevingane til dei små sopp- og bærturane. Vi er avhengige av naturen, og han speler ei viktig rolle for helse og trivsel.

Natur- og kulturopplevingar i Noreg er baserte på det tradisjonelle friluftslivet vårt, både langs kysten, i fjordane, i byane, på fjellet og til sjøs. Kulturgode inneber òg lokale byggjeskikkar, lokal mat og historiske bygningar. Stavkyrkjer, setrar, staur og geitost er døme på slike gode.

Tilrettelegging av infrastruktur

Infrastruktur er eit viktig fellesgode for alle turistdestinasjonar. Med infrastruktur meiner vi mellom anna vegar, jernbanar, flyplassar, parkar, bussterminalar, toalettanlegg, søppelhandtering og internettdekning. Tilrettelegging av infrastruktur er i hovudsak eit offentleg ansvar, men både reiseliv, næringsliv og kommunar samarbeider om dette arbeidet.

Kommersiell koordinering

Når nokre reiselivsaktørar har marknadsføringskampanjar for ein destinasjon, kjem det alle reiselivsaktørane på staden til gode.

Døme på fellesgode som er nyttige og synlege for reiselivsaktørane på ein destinasjon, er

  • felles marknadsføring/destinasjonsprofilering
  • opplæringstiltak/kompetanseheving
  • bookingsystem
  • marknadskunnskap, til dømes frå gjesteundersøkingar

Finansiering av fellesgoda

Reiselivsaktørane på ein destinasjon er varierte når det gjeld både bransje, storleik, lokalisering, marknader og kompetanse. I mange tilfelle leverer dei delprodukt som til saman dannar det heilskaplege reiselivsproduktet. Til dømes kan ein turistbuss hente gjestar på eit hotell og bringe dei til og frå ein attraksjon, og på vegen kan dei stoppe ved ein serveringsstad.

På mange destinasjonar er aktørane gjensidig avhengige av kvarandre. Alle ønskjer størst mogleg omsetning, men det kan vere vanskeleg å samarbeide om finansieringa av fellesgoda. Kven skal betale for kva?

Gratispassasjerproblemet

I reiselivsnæringa er det mange som er freista til å nyte godt av det som andre har skapt med økonomisk innsats og aktivt engasjement. Slike aktørar kallar vi gjerne for gratispassasjerar. På dei fleste reiselivsdestinasjonar vil det vere somme som er mindre villige, eller har mindre evne, til å bidra til fellesgoda. Dei prioriterer ikkje å bruke tid og pengar på å lage felles produkt eller marknadsføre heile staden, men bruker i staden tida på si eiga bedrift.

Det er derfor lettare å koordinere det kommersielle produkttilbodet gjennom til dømes visitselskap og destinasjonsselskap enn å overlate ansvaret til enkeltaktørar. Viss alle reiselivsbedriftene på ein lokal destinasjon deltek i slike selskap, er sjansane gode for at destinasjonen lykkast i konkurransen med andre destinasjonar. Det kan krevje at aktørane set eigne behov og eiga bedrift til side for å løfte fram mangfaldet av tilbod på destinasjonen.

Kjelder

Jakobsen E.W. & Iversen E.K. (2019). Fellesgodefinansiering i reiselivet (Publikasjon nr. 51). Menon Economics. https://www.menon.no/wp-content/uploads/2019-51-L%C3%B8sninger-p%C3%A5-fellesgodeproblemer-i-reiselivet.pdf

Klima- og miljødepartementet. (2019, 25. juli). Allemannsretten. Hentet fra https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/friluftsliv/innsiktsartikler-friluftsliv/allemannsretten/id2076300/

Miljødirektoratet. (2013). Veileder. Kartlegging og verdsetting av friluftsområder. https://www.miljodirektoratet.no/globalassets/publikasjoner/M98/M98.pdf

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Kyrre Romuld. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa