Fagstoff

Konkretisering av kompetansemål i kvalitet og dokumentasjon

Publisert: 19.06.2013, Oppdatert: 09.09.2013
Ingressbilde lærerressurs (kriterier for oppnåelse av kompetansemål)

Å vurdere kompetansen ut frå ulike kompetansemål er ikkje lett. Her finn du forslag på konkretisering av desse i faget.

Læreplanen for faget kvalitet og dokumentasjon har sju kompetansemål, det vil seie sju underpunkt som gjer greie for kva du skal kunne i faget. Nedanfor er desse kompetansemåla konkretisert og delt inn i svært god/ framifrå kompetanse, nokså god/ god kompetanse og låg kompetanse.

Det er viktig at du veit kva kompetansemål du arbeidar med, for då forstår du betre kva som er kravd av deg.

 

Kompetansemål

Karakteren 5 og 6: svært god/ framifrå kompetanse

Karakteren 3 og 4: nokså god/ god kompetanse

Karakteren 2: Låg kompetanse

1

Dokumentere og kvalitetssikre eigen produksjon og kompetanse på ein formålstenleg måte

Dokumenterer og kvaliltetssikrar eigen produksjon og kompetanse på ein strukturert måte

Gjer greie for oppgåveløysing og prosessutvikling på ein god måte

Dokumenterer eigen produksjon

2

Bruke digitale verktøy i kvalitetsarbeid og presentasjons- og dokumentasjonsarbeid i tråd med behov knytte til yrket

Tek initiativ, planlegg og ser moglegheitene i forskjellige programvarer og andre digitale verktøy i kvalitetsarbeid og presentasjons- og dokumentasjonsarbeid (f.eks. Photoshop, Illustrator, skrive- og presentasjonsverktøy)

Planlegg og bruker nokre programvarer og digitale verktøy i kvalitetsarbeid og presentasjons- og dokumentasjonsarbeid

Bruker nokre programvarer og verktøy i eige arbeid

3

Reflektere over og vurdere eige og andre sine arbeid som grunnlag for å tolke trendar og finne fram til eigne utviklingsbehov

Ved hjelp av refleksjonar over eige og andre sitt arbeid få ei innsikt i og kan tolke kva trendar som er i tida, og finne fram til eige utviklingsbehov

Reflekterer over eige arbeid og samanliknar dette med andre sine med tanke på vidare utvikling

Reflekterer over eige arbeid med tanke på vidare utvikling

4

Gjennomføre enkle undersøkingar og vurderingar av behov for handverksprodukt og tenester i marknaden

Gjennomfører undersøkingar og vurderingar av behov for ulike tenester og handverksprodukt i marknaden på ein strukturert og kvalitetssikker måte

Gjennomfører undersøkingar av behov for handverksprodukt og tenester i marknaden på ein strukturert måte

Finn nokre behov for handverksprodukt gjennom enkle spørjeundersøkingar

5

Presentere, grunngi og argumentere for eigne produkt, tenester og produksjonsprosessar med tanke på marknadsføring og sal

Presenterer og gjer fagleg greie for eigne produkt, tenester og produksjonsprosessar med tanke på marknadsføring og sal

Presenterer og gjer fagleg greie for eigne produkt med tanke på sal

Gjer greie for eige produkt på ein enkel måte

6

Berekne pris på materiale, produkt og tenester

Bereknar kostnader for produkt og tenester og fører ein enkel rekneskap

Bereknar kostnader for nokre produkt og/eller tenester

Utfører enkle prisberekningar
7

Beskrive kultur- og handverkshistorie, tradisjonar, organisering og særpreg i nokre yrke innan design og handverk

Beskriv og ser samanhengar i kultur- og handverkshistorie, tradisjonar, organisering og særpreg i nokre yrke innan design og handverk

Gir ei oversikt over kultur- og handverkshistorie, tradisjonar, organisering og særpreg i somme yrke innan design og handverk

Nemner nokre hovudtrekk i kultur- og handverkshistorie og særpreg i somme yrke innan design og handverk

Relatert innhald