Fagstoff

Åtferd hos dyr

Publisert: 18.06.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Fregattfugl

Kva er det som gjer at dyr gjer det "rette" til rett tid? Kva faktorar i omgivnadene stimulerer til den bestemte åtferda? Er det miljøet eller gena som styrer åtferda? Nøkkelen til evolusjonær suksess er å ha ei åtferd som aukar sjansen for å overleve og sikre tilgangen på partnarar slik at ein får avkom som fører eigenskapane vidare.

Karikatur av Konrad LorenzKonrad Lorenz (1903–1989) blir rekna som ein av grunnleggjarane av etologi. Han var spesielt oppteken av instinkt og korleis dyr gir ein respons på eitt bestemt stimuli (preging).       

Rødnebbterne som flyr mot den blå himmelen.Fugletrekk er ein respons på endringar i tilgangen på mat, habitat, vêr og kor mange timar det er dagslys. Raudnebbterna har den lengste migrasjonsruta i verda. Ho flyr frå Arktis til Antarktis og tilbake igjen i løpet av eit år. Ingen andre organismar opplever så mange timar med dagslys gjennom året som det raudnebbterna gjer, sidan ho har dagslys heile døgnet både når ho er i Arktis og i Antarktis.      

ulv som sitter og ulerUlv forsvarer reviret (territoriet) overfor andre ulvar. Grensene blir markerte med lukt (urin) og lyd i form av ul og hyl.        

Surikat som speider etter farerSurikatar er sosiale rovpattedyr som har speidarar som ser etter farar når dei er ute og samlar mat. Oppdagar speidaren ein fare, lagar han eit alarmsignal for å varsle dei andre om faren.      

Åtferd og tilpassing

Åtferd hos dyr er noko som menneska har vore opptekne av i tusenvis av år. Det var viktig å skaffe seg kunnskap om dyreåtferd for å få utnytta miljøet rundt seg på ein føremålstenleg måte, for eksempel for å bli betre til å jakte og temme dyr til husdyrhald. I tillegg har vi nok òg vore drivne av rein nysgjerrigheit. Kunnskapsbehovet har auka med tida, og dette har ført til eigne fagdisiplinar innan biologien. Etologi er studiet av åtferda til dyra i det naturlege miljøet deira (somme gonger i laboratorium under kontrollerte forhold).

Kva vil det seie å studere åtferd? Det handlar om å sjå på korleis dyr oppfører seg og handlar, kvifor dei gjer som dei gjer, kva for mekanismar som ligg bak desse åtferdene, og kva som utløyser responsen. Alle typar åtferder blir utløyste av ei eller anna form for stimulering.

To orrhaner som slåss om orrhønas gunstOrrhanar i kamp om hoene.Dyr har eit breitt spekter av åtferder tilpassa mange ulike situasjonar. Det kan vere åtferd som gjer at dei unngår å bli etne, åtferd som aukar sjansen for å få ein partnar, og åtferd som aukar sjansen for å skaffe seg mat.

I eit evolusjonært perspektiv vil åtferd utvikle seg ved naturleg seleksjon dersom:

  • det er variasjon i åtferda hos dei ulike individa
  • åtferda er arveleg
  • det er skilnader i «fitness"Fitnessen" til eit individ beskriv det relative bidraget det gir til ein populasjon sitt genbasseng.Fitness er eit mål på reproduktiv suksess og speglar både overlevingsevne og formeiringsevne. Omgrepet beskriv evna individet har til å få avkom, sett i forhold til andre individ i populasjonen.Individ med høgast fitness er best tilpassa miljøet dei lever i, og lykkast i å føre fleire av gena sine vidare til neste generasjon, samanlikna med individ med låg fitness. Populasjonen som heilskap vil dermed bli betre tilpassa miljøet gjennom naturleg seleksjon.Fitness er eit relativt omgrep; individ sin fitness vil alltid gjelde eit bestemt miljø. Dermed kan eit individ sin fitness vere lågare eller høgare i ein annan populasjon og i eit anna miljø.» mellom ulike åtferder

Fitness vil seie at naturleg seleksjon favoriserer åtferd som aukar evna til å overleve og reprodusere (få avkom). Dette gjer at åtferda vil bli selektert og nedarva til dei kommande generasjonane.

Genetikk eller miljø

Historisk sett har det vore vanleg å skilje mellom instinktEi åtferd som er lik hos alle individa av ein art og ikkje tillært hos enkeltindivida. og tillært åtferd. Før oppfatta ein det slik at instinkt var under genetisk kontroll, mens lært åtferd var bestemt av miljøet.

Etter kvart har det blitt klart at det er ein genetisk og miljømessig komponent ved all åtferd, sidan evna til å lære i seg sjølv blir nedarva. Åtferd kjem av eit samspel mellom arv og miljø. All åtferd ligg derfor ein stad mellom instinkt og miljø og er aldri berre det eine eller det andre.

Kva, korleis og kvifor?

Når ein studerer åtferda til dyra, er det to typar problemstillingar ein vurderer: proksimate og ultimate problemstillingar. Proksimate problemstillingar er knytte til mekanismane som gjer ei gitt åtferd mogleg (kva- og korleis-spørsmål), og omfattar òg individuell variasjon i åtferda. Dei ultimate problemstillingane handlar om den evolusjonære historia bak åtferda og årsaka til denne. Ein studerer då prosessar i populasjonane som igjen kan fortelje noko om kvifor (kvifor-spørsmål) ulike artar har ulik åtferd.

Illustrasjon av ultimate og proksimate årsaker bak fuglesang   

Relatert innhald

Fagstoff

Aktuelt stoff for