Fagstoff

Formeiring hos nesledyr

Publisert: 18.06.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Glassmanet

I farvatna våre er manetene dei nesledyra som er lettast å oppdage. Undersøkjer vi fjøra meir nøye, finn vi mange andre nesledyr, mellom anna fargerike anemonar. Nesledyra er spesielt talrike i grunne tropiske farvatn der vi for eksempel finn mange ulike artar steinkorallar som byggjer korallrev. Nesledyra er enkelt bygde, men har mange ulike måtar å formeire seg på.

Fjæresjørose, Utricina felinaDen vakre fjøresjørosa lever i fjøra, vanlegvis under merket for lågvatn. Du kan finne ho mellom steinar.     

 

tropisk korallrevDyreliv på eit tropisk korallrev.   

 

Lophelia dypvannskorallerSteinkorallen Lophelia pertusa dannar rev på djupt vatn langs norskekysten og i alle andre djuphav. Djupvasssreva er tilhaldsstad for mange andre organismar, men dei veks svært sakte.   

 

Glassmanet og brennmanetNår vind og straum står mot land om sommaren, kan store mengder glasmaneter og brennmaneter samle seg i fjøra.   

 

En hesteaktinie har "født" levende ungerHesteaktinien (Actinia equina) er eit eksempel på ein vivipar anemone, altså ein anemone der nye individ blir ferdig utvikla inni kroppen til morindividet før dei blir slopne ut gjennom munnopninga.    

 

Image showing the thumbnail for content named \"Generasjonsveksling\"eForelesning om generasjonsveksling, med glassmanet som eksempel.  

 

Teikning av livssyklus.Generasjonsveksling hos glassmanet. 

Kva er nesledyr?

Nesledyra høyrer til rekkja Cnidaria, der vi finn korallar og anemonar, små hydroidar og frittlevande maneter. Dei aller fleste lever i havet, men nokre få hydroidar finst i ferskvatn. Nesledyra er svært enkelt bygde med tre cellelag og utan indre organ. Namnet har dei fått fordi dei inneheld stikkande nesleceller som lammar byttedyr og kan svi kraftig ved berøring.

Tropiske korallrev

Korallrev tørrlagt ved lavvann.Korallrev på Fijiøyene i Stillehavet som er tørrlagt ved lågvatn.Dei grunne, varme tropiske hava er levestaden til mange steinkorallar. Gjennom eit samliv med eincella algar utnyttar dei sollyset og byggjer imponerande korallrev ved å binde kalsium frå vatnet. Saman med korallpolyppane lever det mange andre virvellause dyr og fargerike fiskar her. Korallreva er dei mest mangfaldige økosystema i havet, men reva er no sterkt trua av global oppvarming.

Nesledyr i farvatna våre

Tangblomst, Clava multicornisDen vesle hydroiden Clava multicornis (tangblome) lever øvst i fjøra og veks ofte i små koloniar på tang og tare.Langs norskekysten finn vi djuphavskorallar som òg byggjer rev. Korallreva på kontinental-sokkelen er dei eldste levande dyresamfunna vi har. Somme er meir enn 8000 år gamle. I dag er mange av reva freda, men blir likevel utsette for skade frå fiskereiskapar.

I norske farvatn kan du òg finne mange nesledyr på grunt vatn. På bryggjepålar, steinar og på tang og tare i fjøra lever anemonar og fargerike hydroidar. Om sommaren flyt store brennmaneter og dei blå glasmanetene omkring i dei frie vassmassane.

Formeiringa hos nesledyra

Formering hos steinkorallEin steinkorall frå eit tropisk korallrev gyter pakkar med egg- og sædceller i dei frie vassmassane.Blant nesledyrene finn vi særkjønna artar så vel som hermafrodittar. Mange av artane formeirar seg både kjønna og ukjønna.
Dei fleste anemonane og korallane gyter egg- eller sædceller i dei frie vassmassane der egga blir befrukta. Zygoten utviklar seg til ein liten, frittsymjande larve som er dekt med ciliar (planulalarve). Denne slår seg ned på botnen og veks opp til eit nytt nesledyr.

På korallreva ved austkysten av Australia skjer formeiringa samtidig kvart år ei natt i november. Då gyter millionar av korallpolyppar egg- og sædceller i vassmassane. Masseformeiringa blant dei tropiske korallane er eit spektakulært syn og blir først og fremst styrt av vasstemperaturen og månelyset.

Anemoner (sjønellik) – en koloni av nesledyr med brungule "stilker" og tentakler i toppen, som en blomst.Denne kolonien av anemonar (sjønellik, Metridium senile) er danna ved at eitt morindivid har snørt av nye individ frå fotskiva. Anemonane er derfor genetisk identiske.Nesledyr kan formeire seg ukjønna på ulike måtar. Anemonane kan dele seg i to eller snøre av vevsbitar frå fotskiva og på den måten klone nye, genetisk identiske individ.  Nokre anemonar er vivipare, som betyr at nye individ utviklar seg inni morindividet som så «føder» levande ungar. Hesteaktinien, som er ganske vanleg i tidvass-sona langs norskekysten, er eit eksempel på dette. Han dannar ungar ved å snøre av vevsbitar eller ved partenogenese (utvikling av ubefrukta egg), mens kjønna formeiring enno ikkje er kjend hos arten.

Generasjonsveksling

Mange maneter og hydroidar vekslar mellom ukjønna- og kjønna formeiring i løpet av livssyklusen sin. Dette blir kalla generasjonsveksling. Formeiring ved generasjonsveksling aukar sjansen for å overleve samtidig som det tek vare på den genetiske variasjonen.

Generasjonsveksling hos glasmaneta (Aurelia aurita).Glasmaneta (Aurelia aurita) er eit godt eksempel på eit nesledyr som har generasjonsveksling. Hos denne arten skjer formeiringa slik:Generasjonsveksling hos glasmanet. Vaksne, særkjønna maneter gyter i vassmassane.Sædcellene befruktar eggcellene og dannar ein zygote. Dette er den kjønna delen av formeiringa.Zygoten går gjennom fleire celledelingar og utviklar seg til ein liten larve dekt av flimmerhår (planulalarve).Den ferdige larven sym i vassmassane og fester seg til ein stein eller ein tarestilk.Larven utviklar seg til ein fastsitjande polypp med festeskive i den eine enden og tentaklar i den andre.Polyppen veks og deler seg etter kvart til mange, genetisk like individ som heng saman i ein stabel. No kaller vi polyppen strobila.Når individa er ferdig utvikla, losnar dei frå stabelen og blir til små, frittlevande maneter som kalla ephyrer. Dette er den ukjønna delen av formeiringa.Småmanetene driv med havstraumane, et plankton og veks til vaksne, kjønnsmodne glasmaneter som startar formeiringssyklusen på nytt.  

Oppgåver

Aktuelt stoff

Generelt

Relatert innhald

Fagstoff