Fagstoff

Lydnivå og høyrselsskadar

Publisert: 18.06.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Baby med øreklokker

Lyd er lydbølgjer som vi fangar opp og tolkar. Lydbølgjer med høg frekvens oppfattar vi som lyse tonar, mens lydbølgjer med låg frekvens blir oppfatta som djupe tonar. I tillegg varierer styrken på lyden. Mykje bråk eller høg lyd over tid kan føre til høyrselstap. Stadig fleire unge får høyrselsskadar på grunn av mykje høg musikk. Fullstendig eller redusert høyrsel kan òg vere medfødd.

Hvor registreres de ulike frekvensene i sneglehusetUlike frekvensar stimulerer forskjellige sanseceller på basilarmembranen. Dei høgaste frekvensane blir registrerte nærmast det ovale vindauget, mens dei lågaste frekvensane blir registrerte nærmast spissen av sniglehuset.      

Undersøkelse av hørselen til en ung jenteAudiometri er ein vanleg metode som blir brukt for å teste høyrselen.    

Byggmester Bob med hørselsvernStøy over lang tid er ei av hovudårsakene til at mange får problem med høyrselen.   

Ungdommer som spiser lunsj i kantinaI eit rom med mange personar er det vanskeleg for dei med nedsett høyrsel å oppfatte språk og talelydar på grunn av bakgrunnsstøy og ukjende stemmer. Dette er ofte lett å gløyme når dei fungerer så godt i situasjonar der det berre er to som pratar saman utan bakgrunnsstøy.      

Gutt som lytter på høy musikk gjennom øretelefonerFleire og fleire unge blir ramma av høyrselstap. Årsaka er truleg bruken av øyretelefonar med høg musikk. Øyret toler relativt høg musikk så lenge det får tid til å restituere seg mellom belastningane.    

Eldre dame med svekket hørselDet er heilt normalt at høyrselen blir svekt med alderen, såkalla alderstunghøyrsel (presbyakusis).     

Frekvens og styrke

Ulike lydar har forskjellige frekvensar og styrkar. Frekvensen til ei lydbølgje bestemmer tonehøgda. Frekvens er svingingar per sekund og blir målt i hertz (Hz). Mennesket kan ikkje oppfatte lydar ved alle frekvensar. Ungdom oppfattar lydbølgjer med svingingar på 20–20 000 Hz, men dette endrar seg med alderen. Etter kvart som vi blir eldre, mister vi evna til å høyre lydar med høge frekvensar. Ein person som har passert 60 år, høyrer vanlegvis ikkje frekvensar over 10 000 Hz.

Lydstyrken (lydtrykk) er òg med på å bestemme om vi høyrer ein lyd eller ikkje. Lydstyrken blir målt i desibel (dB) og har ein logaritmisk skalaDesibel (dB) er ei logaritmisk eining. Det vil seie at 10 dB er ti gonger sterkare lyd enn 1 dB, og 20 dB er ti gonger sterkare enn 10 dB osv.. Han er bestemt av kor tett molekyla er pressa saman ved kvar fortetting i ei lydbølgje. Ein gjennomsnittleg person kan høyre lydar ned til 0 dB. Viss lydstyrken kjem opp i 85 dB eller sterkare, kan det gi varige høyrselsskadar. Ein vanleg samtale ligg på cirka 50 dB.

Høreområdet med tanke på frekvens og desibel angitt i graf  Høyrselsevna blir ofte målt ved audiometri, der ein måler kor følsam ein er for tonar ved forskjellige frekvensar. Ved kvar frekvens blir lydstyrken senka gradvis til ein finn den svakaste tonen som forsøkspersonen oppfattar. Resultatet 0 dB indikerer normal høyrsel, men er resultatet høgare enn 20 dB, betyr det at vedkommande har nedsett høyrsel.

Tips: Det finst ei rekkje ulike apper for å måle lydstyrke i desibel og frekvens (tonegenerator).

Høyrselsskadar

Høyrselstap er uttrykk for ein tilstand der ein person har delvis eller fullstendig tap av evna til å oppfatte lydar. Tilstanden kan vere medfødd eller komme frå skadar eller sjukdom. Det er vanleg å skilje mellom to hovudtypar, nemleg mekanisk høyrselstap og nevrogent høyrselstap.

Ørevæske som kommer ut av øret hos et barn. Mekaniske skadar er fysiske hindringer som gjer at lydbølgjene ikkje når fram til det indre øyret. Dette omfatter skader og blokkeringar i sjølve øyregangen (voks, betennelse), skadar på trommehinna og skadar i mellomøyret (forkalkingar, brot, betennelse).


Nevrogent høyrselstap kjem av skadar i dei delane av nervesystemet som omfattar lyd. Dette kan vere skadar i det indre øyret eller i høyrselsbanane. Skadane kan vere medfødde eller komme av for eksempel slag mot hovudet, støy eller sjukdom (svulst, hjernehinnebetennelse). Tinnitus (øyresus) er ei oppleving av lyd som ikkje skriv seg frå ytre påverknad. Det er forstyrringar i nervesystemet som gjer at dei med tinnitus høyrer susing, piping og ringing i øyrene.

Gutt med cochlea implantatCochleaimplantat.Høyrselstap kan ein i mange tilfelle behandle eller operere, og det finst hjelpemiddel som høyreapparatHøyreapparat er ei elektronisk innretning som forsterkar lyden for dei med nedsett høyrsel. Eit høyreapparatet er sett saman av ein mikrofon, ein forsterkar og ein høgtalar og batteri. Apparatet blir plassert i eller bak øyret. og cochleaimplantatCochleaimplantat (sniglehusforsterkar) er ei lita elektronisk innretning der lyden blir fanga opp av ein mikrofon bak øyret. Lyden blir send til ein taleprosessor, der han blir omdanna til elektriske impulsar. Via ein mottakar operert inn under huda bak øyret blir impulsane sende via leidningar til elektrodane som er plassert i sniglehuset. Elektrodane stimulerer høyrselsnerven, som igjen sender signala vidare til hjernen der dei blir tolka.  som er med på å forsterke lyden som oppfatta. I tillegg finst det ei rekkje andre tekniske hjelpemiddel som kan gjere kvardagen lettare for dei med svekt høyrsel.

Relatert innhald