Fagstoff

Formeiring hos insekt

Publisert: 18.06.2013, Oppdatert: 01.08.2017
Paring hos marihøner

Insekta er ei dyregruppe som er sterkt utbreidd på jorda, og utgjer det store fleirtalet av organismar på planeten vår. Stor variasjon i artar gir òg eit utal av formeiringsstrategiar, den eine meir forunderleg enn den andre. Primitive insekt får ungar som liknar foreldra. Meir avanserte insekt, som sommarfuglane, gjennomgår ei fullstendig forvandling i eit puppestadium før dei blir til vaksne, kjønnsmodne individ.

Kollage av insekterInsekt – mangfaldet av artar er enormt.  

HonningbierSterile arbeidarar i ein bikube pleier larvane som ligg i celler.  

Parende spyfluerSpyfluger som parar seg. 

SteinsprettSteinspretten finn vi på svaberg og på store steinar i fjøra. Paringa skjer på hausten, og hoa legg egg som fester seg til underlaget. Egga blir klekte om våren.  

Larve av steinflueSteinflugelarvane lever berre i vatn. Overgangen frå ein nyklekt larve til ei vaksen, flygedyktig steinfluge skjer gradvis gjennom fleire nymfestadium.  

Lestes viridesParingshjul hos vassymfer. 

Knelere hvor hunnen spiser opp hannen etter parring.Hos knelarar er det ikkje uvanleg at hoa et opp hannen etter paring for å få meir næring til seg sjølv når ho legg egg.  

Ildgullvinger som parer seg.Eldgullvengjer som parar seg.

Insekter – den største dyregruppa

Insekta høyrer til rekkja leddyr (Arthropoda) der dei kan samlast i klassen Insecta. Insektforskarane har hittil beskrive cirka 1 000 000 artar, men ein reknar med at det finst omkring 5 000 000 insektartar på jorda. Mangfaldet er enormt, og insekta utgjer omtrent 70 prosent av alle dyreartane.

Store tuer bygd av termitterTermitt-tue. Insekta lever i nesten alle miljø utanom havet. Dei viser eit utal av tilpassingar til dei forskjellige miljøa både når det gjeld form og farge, næringsopptak og ikkje minst formeiring. Mange artar lever ikkje meir enn nokre veker eller månader. Somme er parasittar og lever på eller i andre organismar i heile eller delar av livssyklusen sin. Andre artar, som bier, veps, humler, maur og termittar, er sosiale og lever i kompliserte samfunn.

Felles for alle insekt er at dei er små. Alle insekt har òg ein tredelt kropp med hovud, bryst og bakkropp. Eit anna fellestrekk er at dei har seks bein feste til brystet.

Formeiring hos insekt

Insekta viser svært stor variasjon i måten dei formeirar seg på. Vepseflugene angrip humler mens dei flyg og legg egga sine inni humlene. Larvane utviklar seg i vertsdyret og vil etter kvart puppe seg. ConopidaeVepsefluene etterligner veps. Hunnen (nederst) har en klo som den kan feste seg til humlas bakkropp med. Syttenårssikadane formeirar seg berre kvart syttande år. Biene har høgt utvikla samfunn der sterile arbeidarar fôrar larvane. Termittane byggjer store tuer som verkar som kjøleanlegg, og dei formeirar seg her. Slik kunne vi halde fram. Dei ulike formeiringsstrategiene til insekta er nærmast uendeleg mange.

Tre hovedgrupper basert på formeiring

Tek vi utgangspunkt i formeiringa, kan vi skilje insekta i tre hovudgrupper: ametabole, hemimetabole og holometabole insekt.

Ametabole insekter
Hos denne gruppa blir dei befrukta insekta til små nymfer som er miniatyrar av de vaksne. Nymfene Lepisma saccharina Sølvkre.veks gjennom heile livet ved å skifte huda (kutikula) jamleg. Det er dei aller mest primitive insekta som er ametabole. Steinsprett og sølvkre er to eksempl.

Hemimetabole insekter
Hemimetabole insekt går gjennom det vi kallar ufullstendig forvandling. Det befrukta egget blir klekt til ei nymfe. Nymfa er ulik dei vaksne individa, men skiftar hud fleire gonger og blir gradvis meir og meir lik eit vakse, kjønnsmodent insekt. Saksedyr, steinfluger, termittar, knelarar, grashopper, vassnymfer, augestikkarar og bladlus er eksempel på hemimetabole insekt.

Bladlusformering Ufullstendig formeiring hos bladlus. A er ei vakse, kjønnsmoden hoe, B er ein vaksen hann, C er en ung hoe, D er ei hoe som legger egg og E viser at egga skiftar farge frå grøn til svart etter at dei er lagde.

 

Holometabole insekter
Dette er insekt som har fullstendig forvandling (metamorfose). Dei befrukta egga blir klekte til ein larve som er totalt forskjellig frå det vaksne insektet i bygnad, utsjånad og levesett. Larven har ofte eit særeige fødeval og bruker heile livet sitt til å ete og vekse. Når larven er ferdig utvikla, gjennomgår han ei fullstendig forvandling i form av eit urørleg puppestadium. Her blir somme av organa i kroppen brotne ned, mens andre blir danna. Puppa blir klekt til eit fullvakse insekt (imago).

Livssyklusen til påfugløye, larve til puppe til imageLarve, puppe og imago hos dagpåfuglauge.
Opphavsmann: Ragnhild Baglo
 
Fleirtalet av insekta høyrer til denne gruppa. Insekt som nettvengjer, biller, vepsar og bier, lopper, fluger og sommarfuglar er alle holometabole artar. Faktisk er to tredelar av alle dyr på jorda holometabole insekt!

Oppgåver