Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis skaper vi ein god bedriftskultur?

Leiinga er viktig for å skape ein god bedriftskultur med eit godt samarbeidsklima, men alle tilsette må bidra.
Ei gruppe menneske som tar selfie mens dei lagar grimasar. Foto.

Leiarar som gode døme

Ein god bedriftskultur bidreg til å skape motiverte og lojale medarbeidarar. Det kan vere til hjelp om bedrifta opplever motgang.

Sjølv om alle tilsette må bidra for å skape ein god kultur, har leiinga eit stort ansvar. Leiarane kan synleggjere den ønskte bedriftskulturen ved sjølve å vere gode førebilete, slik at det blir bygd opp gode haldningar og eit positivt verdisyn. Ein slik prosess kan vere ein del av personalpolitikken.

Det vil sjølvsagt vere stor forskjell på korleis leiing, samarbeid og bedriftskultur er i store og små bedrifter. Det er lettare å endre ein bedriftskultur i ein liten enn i ei større bedrift – både i positiv og i negativ retning.

Medråderett

Det betyr mykje at dei tilsette får bidra med synspunkt og vere med på å bestemme forhold som har med arbeidet deira å gjere. Det bør òg vere rom for at dei tilsette trygt kan seie frå om dei er ueinige med leiinga, men det bør gjerast på ein ordentleg måte. Leiinga bør på si side tole kritikk, utan automatisk å gå i forsvarsposisjon.

Trivsel på jobb gir betre helse

Ein god bedriftskultur kan gi dei tilsette betre helse. Har ein hyggjelege kollegaer, imøtekomande leiarar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, kjenner ein seg òg mindre sjuk.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Bedriftskultur