Hopp til innhald

Fagstoff

Bedriftskultur

Med bedriftskultur meiner vi dei uskrivne reglane – dei normene, haldningane og verdiane – som gjeld i ei bedrift. Det handlar om atmosfæren og samspelet mellom dei tilsette på det sosiale og kjenslemessige planet.
Glade kollegaer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein bedriftskultur kan vere positiv og negativ. Ein leiar har ofte mykje å seie for kulturen i ei bedrift, men samansetninga av tilsette kan også slå svært positivt eller svært negativt ut for bedriftskulturen.

Drøft

Drøft og gjer greie for kva kultur de har i klassen, og kva som er fordelane og ulempene med denne kulturen. Kva er bra, og kva kan bli betre?

Ein etablert kultur «sit i veggene» i organisasjonen. Har han først sett seg, kan det vere svært vanskeleg å endre han.

Det er svært øydeleggjande for alle om det set seg ein «negativ kultur» i ei bedrift. På den andre sida er ein positiv kultur og eit godt miljø ein stor motivasjons- og trivselsfaktor. Og trivsel stimulerer utan tvil til effektivitet.

Leiinga i McDonald´s meiner til dømes at deira bedriftskultur kan summerast opp i mottoet for bedrifta: Kvalitet, service, reinsemd og verdiar.

Konsernsjef Eldar Sætre på ei scene for å presentere det nye navnet til Statoil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturkollisjon

Når to selskap slår seg saman (fusjonerer), kan det ofte blir kulturkollisjon. Døme på ein vellukka fusjon mellom to store norske selskap er fusjonen mellom Statoil og Hydro i 2007. Det nye selskapet fekk namnet Statoil. I mars 2018 vart det kjend at selskapet byttar namn til Equinor.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.05.2018

Læringsressursar

Leiing, samarbeid og organisasjon