Hopp til innhald

Fagstoff

Salsavslutninga

Når er det riktig å avslutte salet? Her skal vi seie litt om når eit sal bør avsluttast, og gi nokre råd om korleis det bør gjerast.
Mann og kvinne som tar hverandre i hendene. Foto.

Avslutt salet i rett tid

Mange seljarar kvir seg og må nesten «ta sats» for å lukke salet og komme til einigheit med kunden. Ofte endar salssamtalen med ikkje-sal i staden for sal fordi prosessen blir lang, kjedeleg og lite konkret. Da er det betre å vere tydeleg og få avtalen i hamn i tide. Hugs at ein kjøpar faktisk ventar å bli selt til!

Når seljaren og kunden har snakka seg gjennom produkta og diskutert gode løysingar, har tida komme for å avslutte salet. Mange seljarar synest dette er ubehageleg, fordi dei føler at dei nærast pressar eit produkt på kunden. Da er det viktig å hugse på at seljaren faktisk er der for å selje, og at kunden ventar å bli selt til. I tillegg har jo kunden behov for produktet, så vi må som seljarar tenkje at han eller ho får det mykje betre med produktet enn utan.

Avslutt salet på ein ryddig måte

Når ein seljar «lukkar» salet eller kjem til ei salsavslutning, kan vanlege frasar vere:

  • Da er vi einige om at ...
  • Da seier vi at ...
  • Da går vi for desse produkta ...
  • Treng du noko meir enn ...
  • Er det fleire ting eg kan hjelpe deg med?

Dersom det dreier seg om konkrete produkt, vil det vere naturleg å skrive ein ordre. Dersom det er haldningar eller oppfatningar vi vil «selje», kan ei oppsummering vere på sin plass.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.03.2018

Læringsressursar

Salsprosessen