Fagstoff

Formeiring hos leddormar

Publisert: 29.05.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Marin leddorm

Leddormane er ei mangfaldig dyregruppe. Mange frittlevande marine artar grev seg ned i havbotnen ved hjelp av kraftige børstar, mens andre lever i røyr og har omdanna børstane til fargerike tentaklar. Leddormane har òg eit stort spekter av formeiringsstrategiar. Om våren gyter mange marine leddormar på grunt vatn langs norskekysten. Meitemarken formeirar seg ved hjelp av eggkokongar.

marine polychaetFrittlevande, marin børstemark Eunereis longissima. Kroppen er tydeleg delt i fleire ledd, og kvart ledd har kraftige børstar. Dette gjer at han effektivt kan grave seg ned i botnlaget.    

 

 

Rørmark fra slekten SabellaPåfuglmarken, Sabella pavonia, lever i pergamentaktige røyr. Han er ein av dei aller vanlegaste røyrbyggjande leddormane.   

 

 

 

små rørmark i akvariumSmå børstemarkar frå slekta Branchiomma som lever i røyr feste til ruta i eit akvarium. Pilen viser korleis eit av individa har formeira seg ukjønna ved deling. Den nye marken vil snart danne ein ny framende med munn og tentakelkrone og vekse opp til eit fullvakse individ.  

 



Larve av Owenia fusiformisLarve av børstemark. 

 



Formering hos leddmarkTo meitemarkar utvekslar spermiar. 

 

 

 

 

tropiske rørmarkTropiske børstemarkar frå slekta Spirobranchus lever på korallrev og har røyra sine nedgravne i steinkorallar. Tentakelkronene har vakre fargar, og markane har fått populærnamnet «Christmas Tree Worms» på engelsk.    

Hva er leddormer?

Leddormane høyrer til rekkja Annelida, og vi kjenner til meir enn 10 000 artar. Som namnet seier, har leddormane ein kropp som består av ledd. Mange leddormar høyrer til børstemarkane i klassen Polychaeta (fleirbørstemarkar) der artane har store eller små børstar på kvart ledd.

marin rørmarkLeddormar som lever i røyr, har gjort om børstane ved munnen til fargerike tentaklar som dei fangar plankton med. Dei fleste leddormane lever i havet, men somme artar, som meitemarken, lever på land der dei grev seg ned i jordsmonnet.
Nokre marine leddormar lever i røyr som dei byggjer sjølve av kalk, sand eller mudder, men dei fleste artane i havet lever fritt og grev seg ned i botnlaget.

Meitemarken høyrer til klassen Oligochaeta (fåbørstemarkar) og har redusert børstane som berre er synlege viss ein studerer marken gjennom ei lupe. Meitemarken lever av ròtne planterestar og anna organisk materiale og dreg med seg daudt lauv ned i jorda. Ved å ete og fordøye dette tilfører han næringsstoff og luft til jordsmonnet. På denne måten er meitemarken økologisk svært viktig. I ei upløgd eng kan det vere opp mot 800 meitemarkar per kvadratmeter.

Formering hos marine leddormer

Mange av leddormane som lever i havet, kan formeire seg ukjønna ved at kroppen deler seg i to, der kvar halvdel utviklar seg til eit nytt individ ved å regenerere (nydanne) dei kroppsdelane som manglar. Resultatet er to genetisk like leddormar.

Marine leddormar formeirar seg òg kjønna. Det er svært stor variasjon i korleis dette blir gjort, men ofte er den seksuelle formeiringa knytt til bestemte årstider og styrt av lys og temperatur.


larve marin polychaetLarve av marin børstemark sett gjennom mikroskop.Dei fleste marine børstemarkane er særkjønna og har kjønnsorgana lokalisert i bestemte ledd. Kjønnscellene modnast inni ledda og gytast fritt i vassmassane der befruktninga skjer. Zygoten utviklar seg til ein larve med flimmerhår som han kan bruke til rørsle og matsanking. Etter ei stund søkk larven til botnen der han utviklar seg til ein vaksen.

Formeiring hos meitemark

Meitemarkane er hermafrodittar, og kjønnsorgana finst i den fremste delen av kroppen. Meitemarken har ikkje sjølvbefruktning, men parar seg og utvekslar sædceller. Sjølve paringa kan vare i to til tre timar.

formering hos leddmarkFormeiring hos meitemark   
Meitemarkane skil ut ein slimaktig kokong som glir langs kroppen og samlar opp kjønnsceller. Egga blir befrukta av sædceller frå det andre individet inne i kokongen. Kokongen blir snørt av frå framenden på marken, og kvar kokong klekkjer berre ein larve.eggkapsler fra LumbricusEggkokongar frå meitemark.  Larvane veks opp til vaksne meitemarkar i løpet av tre til fire månader. Den slimaktige kokongen held dei befrukta egga fuktige og er ei tilpassing til eit liv på land. I sommerhalvåret kan meitemarkane produsere to til tre kokongar i veka.

Oppgåver
Relatert innhald

Fagstoff