Hopp til innhald

Fagstoff

Planleggingsfasen

For å bli ein god seljar må du vere god til å planleggje og ha kunnskap om bransjen og produkta du sel. Å selje handlar om å gi kunden verdi, og det krev eit godt samarbeid mellom marknadsføringsteamet og salsteamet. Vi ønskjer at kundane skal komme tilbake og handle hos oss igjen og igjen.
Ei gruppe smilande unge menneske tek ein "high five". Foto.

Planleggingsfasen

Planleggingsfasen krev eit godt samarbeid mellom marknadsføringsteamet og salsteamet. Marknadsføringsteamet må vekkje interesse hos potensielle kundar for å få dei til å oppsøkje bedrifta – anten det er i ein fysisk butikk eller på nettet. Dette er ein føresetnad for at seljarane skal kunne nå måla sine. Seljarane må på si side leggje ein strategi for korleis dei på best mogleg måte skal følgje opp potensielle og eksisterande kundar.

Bruk planleggingsfasen til å opparbeide deg produktkunnskap. På den måten kan du svare på spørsmål frå kundane og hjelpe dei med å finne riktig produkt. Du bør òg leggje ein plan for korleis du kan skape meirsal og gjensal.

Ulike former for salsplanlegging

Ulike salsstader krev ulik planlegging. Om du jobbar i ein daglegvarebutikk, er planleggingsfasen meir å rekne som ein opplæringsfase der du skaffar deg kunnskap om produkta – både før du byrjar å jobbe, og mens du jobbar. Det same gjeld andre butikkar i varehandelen, som klesbutikkar og elektronikkforretningar.

Om du skal selje eit kjøkken, er planleggingsfasen litt annleis. Her må du teikne og planleggje saman med kunden, og det kan bli fleire møte før eit sal.

I ei reiselivsbedrift, til dømes på eit turistkontor, vil planleggingsfasen innebere å setje seg grundig inn i kva turistane kan spørje om. Det krev at du held deg oppdatert på alt som skjer i nærområdet, og kva tilbod som finst der.

Lagarbeid

Planlegg gjerne saman med kollegaer. Diskuter korleis de best mogleg kan leggje til rette for sal. Korleis skal til dømes produkta plasserast i butikken? Korleis kan de lage fine utstillingar som framhevar produkta? Korleis skal de sjølve opptre i møte med kundane?

Set behovet til kunden først

Sal handlar om å setje behovet til kunden først. Du skal ikkje først og fremst fokusere på å fremje eit produkt, men heller på å tilby ei løysing. Mest av alt handlar sal om å vise fram korleis produktet kan tilføre kunden ein verdi.

Å bli ein dyktig seljar krev kunnskap, trening og ei ekte interesse for sal og kundeservice. Du må lære deg ulike salsteknikkar, og desse kan du øve på i planleggingsfasen.

På sikt løner deg seg aldri å selje noko kundane ikkje vil bli fornøgde med. Ver ærleg med kundane, og sei det gjerne dersom du ikkje tilrår eit bestemt produkt til akkurat dei. På denne måten verkar du truverdig, og du kan byggje ein god relasjon til kundane dine.

Ein seljar i ein interiørbutikk helsar på ein kunde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sal kan ta tid

Det er viktig å hugse på at det ikkje er alle salssituasjonar som endar med eit sal eller ein ordre. Det betyr ikkje at du som seljar skal gi opp den aktuelle kunden. Mange sal, spesielt av store og kostbare produkt som bilar eller hus, kan ta tid. I mange tilfelle må du opparbeide deg ein god relasjon til kundane før dei stoler nok på deg til at dei kjøper produkta dine. Det er derfor ikkje berre før det første salsmøtet det er viktig å planleggje – kvart møte må planleggjast.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Liv Marie Toft Sundby. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Salsprosessen