Hopp til innhald

Fagstoff

Medieøkonomi i ein digital tidsalder

Digitalisering av innhaldsproduksjon, distribusjon og konsum endrar forretningsmodellane i medieindustrien. Situasjonen er spesielt krevjande for nyheitsmedia, sidan marknaden er lite villig til å betale for kvalitetsjournalistikk. Men noko er i ferd med å endre seg.
Ulike ikon og illustrasjonar av mobiltelefonar, folk, nettverk, kodar og digitale kretsar er klipte saman i ein kollasj på blå bakgrunn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digitalisering i alle ledd

I løpet av eitt tiår på 2000-talet blei store delar av mediebransjen fulldigitaliserte. Digitalisering pregar alle ledd i produksjonskjeda: innhaldsproduksjon, lagring, distribusjon og konsum.

Denne utviklinga utfordrar tradisjonelle medieøkonomiske modellar som byggjer på sal av eksemplar, som trykte aviser, DVD-ar og CD-plater. I dag konsumerer vi filmar og musikk via ulike strøymetenester på nettet, og mange unge les berre nettaviser og ser TV-seriar på nettet.

Når mediebransjen går frå analog til digital distribusjon og konsum, blir distribusjonskostnadene lågare. Produsenten har då høve til å ta ut ein større del av meirverdien.

Vi snakkar her om kostnadsreduksjonar på mellom 80 og 90 prosent. Digitaliseringa forskyv altså kostnadene frå distribusjon til produksjon av innhald. Konsekvensen er at meir innhald kan bli produsert og distribuert av fleire tilbydarar, også av enkeltpersonar.

Mediebrukarane i posisjon

Digitalisering og konvergens (samansmelting av ulike medium) gjer at meir innhald blir tilgjengeleg. Det utfordrar tilbydarar som tidlegare nærmast har hatt monopol på distribusjon av medieinnhald. Dei må tilpasse seg ein situasjon der du som brukar av innhald har fått ein sterkare posisjon.

Nye tilbydarar

Digitaliseringa bringar òg nye tilbydarar på banen. Medieinnhald har blitt billegare å produsere med lett tilgjengeleg teknologi. Dette fører til større kreativitet blant folk. Mottakarane går i større og større grad sjølv inn i rolla som avsendarar. Det fører òg til at små land blir mindre avhengige av produksjonskapasiten i større land. Det gjeld til dømes filmar frå ein del afrikanske land, som no finn stadig nye marknader.

Kvalitetskontroll frå brukarane og ny økonomimodell

Når mengda ikkje-redaksjonelt innhald veks, ser vi tydelegare verdien av den kvalitetskontrollen av innhald dei tradisjonelle media står for.

Samstundes er mottakarane med på å kvalitetskontrollere og vidareformidle innhaldet gjennom kommentarar og deling på nettet. Denne kontrollfunksjonen er viktig i ein ny økonomimodell, fordi han skaper større trafikk og kan tilføre nytt innhald. Men det er mange stemmer der ute, og ikkje alle er det like verdt å lytte til.

Kvar fører digitaliseringa oss?

Digitaliseringa har gjort samfunnet vårt til eit nettverkssamfunn. Denne prosessen endrar både tradisjonelle sosiale relasjonar og rolla til tradisjonelle medium.

22. juli-angrepa viste i all sin gru korleis normer, verdiar og meiningsdanning kan formast gjennom samspel mellom menneske som aldri fysisk har møtt kvarandre. Medieorganisasjonar som før sette dagsordenen for den allmenne debatten, misser innverknad.

Magasin, bøker, nyheitsbrev, lyd, filmar og så vidare som før var reserverte for ein liten elite i den analoge verda, er meir tilgjengelege i den digitale verda. Publikum får meir å velje mellom. Nasjonale og internasjonale nyheiter og informasjon er overalt og tilgjengelege på mange ulike plattformer til låg eller ingen kostnad.

Kvalitetsjournalistikk i ein ny tidsalder

Framtida blir utfordrande, ikkje minst for nyheitsmedia. Få vil vere usamde i at tilstrekkeleg finansierte, uavhengige og mangfaldige nyheitsmedium er grunnleggjande i eit demokrati. I desse dagar går det ein verdsomspennande debatt om korleis kvalitetsjournalistikken skal overleve ei heildigitalisert framtid.

Strukturelle endringar

Fleire strukturelle endringar skjer samstundes. Det blir færre journalistar, og dei som er att, får mindre tid til å arbeide i djupna. Konsekvensen er at det oppstår store blindsoner. Blindsonene kan vere viktige tema som ikkje blir dekte godt og djupt nok. Og for samfunnsborgarane kan viktig informasjon på viktige område vante, slik at dei ikkje får teke opplyste standpunkt og val.

Tenk over

Kva samfunnsområde meiner du media ikkje dekkjer godt og djupt nok?

Pandemien endra medievanane våre

Covid-19-pandemien endra medievanane våre. Det digitale skiftet har skote fart, og vi har brukt meir tid på medium. Gjennom pandemiåra har folk vore meir heime med eit stort behov for informasjon. Dette har slått positivt ut for dei redaksjonelle media, både aviser, TV og radio.

Vi har blitt meir villige til å betale for kvalitetsjournalistikk på nett. Det kan ha samanheng med journalistisk kvalitet og med tilliten mellom norske medium og oss brukarar.

Tenk over

Korleis endra medievanane dine seg under covid-19-pandemien?

Kjelder

Mediebedriftene (2021). Pandemien ga ekstra vekst for norske medier – nå er flest abonnementer heldigitale. Pressemelding 10.03.2021.
Henta frå https://www.mediebedriftene.no/artikler/2021/pandemien-ga-ekstra-vekst-for-norske-medier---na-er-flest-abonnement-heldigitale/

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi