Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nyttige nettsider i brannvernsarbeidet

Her er ei oversikt over nyttige nettsider og dokument som kan nyttast i brannvernsarbeidet. Gjennom oppgåvene får du øvd deg i å finne fram i reglane.
Logoen til Lovdata. Raudt ikon til venstre, teksten "Lovdata" i store bokstavar til høgre.

Oppgåver

Finn svara i dokumenta som det er lenkjer til under. Skriv ned kva paragraf eller tekst de finn svaret i.

  1. Kven har ansvaret for brannvernsarbeidet på arbeidsplassen?

  2. Det er ei plikt å oppgradere tryggleiken i gamle bygg. Kvar er oppgraderingsplikta skildra?

  3. Kva krav er det til røykdetektorar og sløkkjemiddel i private bustader?

  4. I kva for eit lovverk finn du krav til rømmingsvegar på ein arbeidsplass?

Lenkjer til lover og forskrifter

Lovdata.no: Brann- og eksplosjonsvernloven
Lova beskriv generelle lovkrav til verksemder, og er førande elles dokumentasjon.

Dsb.no: Veiledning til forskrift om brannforebygging
Denne rettleiinga gir ei detaljert tolking av lov og forskrift. Dette er eit av dei mest brukte dokumenta i brannvernsarbeid i verksemder i Noreg. Rettleiinga gir forståeleg, nyttig og ofte konkret informasjon.

Lovdata.no: Plan- og bygningsloven
Dette er dei generelle lovkrava til bygging og krav til branntryggleik ved utforming av bygg, mellom anna ut frå kva slags aktivitetar som skal gå føre seg i bygget. Det kan vere store forskjellar på krav til bygningar som utanfrå ser like ut, til dømes på eit hotell og på ein forretningseigedom.

Lovdata.no: Arbeidsplassforskriften
Inneheld krav som skal vareta mellom anna tryggleiken til dei tilsette i arbeidssituasjonen.

Lovdata.no: Internkontrollforskriften
Beskriv krav til systematisk arbeid for å vareta arbeidsmiljø og tryggleik, og vern av ytre miljø.

Lovdata.no: El-tilsynslova
Gjeld krav til el-tilsyn på eigedommar.

Lovdata.no: Forsikringsavtaleloven
Denne lova fortel mellom anna om kva krav og rettar verksemda og forsikringsselskapet har i ein avtale.

Fgsikring.no: FG Skadeteknikk
Her finn vi mykje konkret informasjon som er nyttig som verktøy. Men vi må sjå på forsikringsavtalen som til dømes hotellet har med forsikringsselskapet sitt, for å vite nøyaktig kva krav forsikringsselskapet stiller. FG-krav gir detaljerte føringar for korleis ein skal sikre seg best mogleg, og set opp mot dei vanlegaste krava som forsikringsselskapa stiller.


Fleire aktuelle nettstader:


Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap: dsb.no

Norsk brannvernsforeining: brannvernforeningen.no

Statistisk sentralbyrå: ssb.no

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 12.05.2018

Læringsressursar

Brannteori og brannøving