Kva er eit globalt reservasjonssystem?
Globale reservasjonssystem blei opphavleg utvikla som verktøy for flyselskap, hotellkjeder og leigebilfirma.
Eit globalt datastyrt reservasjonssystem (engelsk: Global Distribution System – GDS) kan hjelpe oss med å betene kundane på blant anna følgjande område:
- Rettleiing: finne ledige flysete, hotellrom og andre reiselivsprodukt
- Sal: finne optimal pris for hotellrom, flysete m.m.
- Marknadsføring: kommunisere og følgje opp eksisterande og nye kundar
Store delar av reiselivet har god nytte av system som raskt og nøyaktig kan finne ulike reisemål, prisar og ledige plassar på fly og hotellrom og andre reiselivsprodukt.
Det ligg i nemninga at globale system er baserte på World Wide Web – verdsveven. Blant dei fremste systema nemner vi:
Desse bookingsystema er drivne av store flyselskap, bilutleigefirma og hotellkjeder i fellesskap. Kor utbreidde dei er, varierer frå land til land og frå bransje til bransje.
Kjelde: Business Dictionary – Global Distribution System
Rettleiing
Internett har opna ei ny verd av reiser. Mange føretrekkjer å finne reisemål på eiga hand. Dei som ønskjer det, kan kontakte reisebyrået eller turoperatøren og be om råd og rettleiing. For å finne passande reisemål, ledige hotellrom og prisar bruker reisekonsulenten eit reservasjonssystem.
Sal
Eit reservasjonssystem som er knytt til eit Yield Management, kan hjelpe seljaren å oppnå best mogleg pris for blant anna flybillettar og hotellrom.
Yield Management registrerer alle sal og kan gi oversikt over kva dagar som er fullbooka – raude dagar – og kva dagar som er vanskelege å selje – grøne dagar. Systemet gjer det mogleg for eit hotell å opne og lukke automatisk for rom og prisar, alt etter kva belegg som er forventa, altså kor mange gjester ein ventar kjem.
Marknadsføring
CRM – Customer Relations Management – er eit system for å planleggje, gjennomføre og kontrollere kommunikasjon med eksisterande og komande kundar. Kundar som har reservert, blir registrerte i CRM-systemet. Det er også mogleg å importere adresser frå eksterne leverandørar.
Deretter kan vi kommunisere direkte med kundane våre – enkeltvis eller i grupper. Vi kan til dømes:
- skrive ut og journalføre stadfesting på reservasjon via Word og Outlook
- arkivere kundeavtalar
- føre statistikkar med tal og grafikk direkte i Excel
- flette brev direkte i Outlook, Word eller Excel
CRM kan koordinerast med sosiale medium som Facebook, Twitter og Linkedin. Her kan kundane dele erfaringar om produkt og service. CRM kan også integrerast med eit «Market Information System».
Med eit slikt system kan vi rekne ut verdien av alle reservasjonar og presentere dette grafisk både som omsetning, netter og personar. Omsetninga kan fordelast på segment slik at vi kan sjå kvar vi vinn og taper marknad.