Hopp til innhald

Fagstoff

Reservasjon for buss og bane

Buss og tog dekkjer det meste av landet vårt. Ekspressbussar trafikkerer mange strekningar mellom distrikta og store byar. Å reise med tog er behageleg, og mange jernbanestrekningar går gjennom vakker og dramatisk natur.
Elektronisk togbillett
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar vil du reise?

Buss og tog dekkjer det mest av landet vårt.

Geilo stasjon på Bergensbanen
Opne bilete i eit nytt vindauge

På nettstaden Visit Norway finn vi rutetider for dei fleste ruteselskapa i landet. På same nettstaden kan vi også sjå presentasjonar av reisemål og reservere billettar.

Når vi klikkar på ønskt fylke, får vi opp ei oversikt over selskap som trafikkerer det aktuelle fylket. Her finn vi også informasjon for funksjonshemma som skal reise i Noreg.

Buss

Bussystemet i Noreg har endra seg dei siste åra. Anbodssystem fører til stadige endringar i ansvaret for lokal drift. Vi har fått ekspressbussar i tillegg til lokale bussruter. Mange ekspressbussruter gir plassgaranti – garantert plass utan å reservere på førehand. Grupper må førehandsbestille.

To busselskap dekkjer det meste av landet:

Vi finn bussrutene for heile landet her. Vi kan bestille og betale billetten på nettet.

På nettstaden sin forklarer Nettbuss korleis du kan planleggje reisa og kjøpe billettar.

Bane

Bergensbanen blir presentert som verdas vakraste jernbanestrekning.

Frå Myrdal stasjon kan vi ta ein avstikkar med verdas brattaste jernbane – Flåmsbana.

Her finst også forslag til turar og attraksjonar som gjer det mogleg å setje saman ein heilskapleg tur – til dømes ein fottur eller sykkeltur.

NSB var tidleg ute med å tilby reservasjon på nettet. På nettstaden til NSB kan vi i ro og mak lese om billettypar, rabattar og reisevilkår.

NSB på mobilen. Enklare blir det ikkje.

Buss og trikk

Når vi besøkjer større byar, er det praktisk å skaffe seg oversikt over kva transportalternativ som finst til ulike delar av byen.

Oslo og distriktet rundt har samla transportnettet sitt på Ruter. For å finne ut av transportmiddel, rutetider, billettypar og korleis vi kan skaffe oss billettar, kan vi gå inn på nettstaden til Ruter.

Vi får opp forslag til reisemåte og reisetid og kan deretter bestille og betale billett.

Relatert innhald

Individuelle oppgåver og gruppeoppgåver der de skal øve dykk på å bruke ulike resvarsjonsjonssystem.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Reservasjonssystem