Hopp til innhald

Fagstoff

Kjøpsroller

Ei kjøpsrolle er, kort forklart, den typen påverknad du som person har på sjølve kjøpet. Vi skil mellom fem ulike kjøpsroller i samband med eit kjøp. Av og til kan du ha alle rollene sjølv, andre gonger er rollene i eitt og same kjøp pent fordelt på mange individ.
Gruppe mennesker som sitter på en kant med mange handleposer i hendene
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein god seljar tilpassar seg

Ein god seljar tilpassar sal og marknadsføring til dei ulike trinna i kjøpsprosessen. Når det er større og dyrare innkjøp som skal gjerast, er det ofte ikkje berre éin person som er involvert i kjøpsprosessen, men gjerne ein heil familie eller fleire venner og kjende.

Når du til dømes skal kjøpe ei ny vinterjakke, har det då hendt at du har spurt vennene dine om råd?

Ein god seljar veit å tilpasse sal og marknadsføring ikkje berre til den som skal kjøpe eller bruke produktet, men også til den som har eit avgjerande ord med i laget. Skal du til dømes kjøpe ny jeans, har du ofte med deg ein venn til å hjelpe deg. Vennen fungerer som «påverkar», og ein god seljar veit å inkludere vennen i salssamtalen.

En jente og to gutter med handleposer i hendene på et kjøpesenter
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dyre produkt

Er det større og dyrare produkt det er snakk om, er gjerne fleire personar involverte i prosessen. Skal til dømes ein gut på 15 år kjøpe seg konfirmasjonsdress, skjer det gjerne i følgje med ein føresett, ikkje venner. Vennene kan vere påverkarar fordi konfirmantane snakkar seg imellom om kva slags dress dei liker. Den føresette er i denne situasjonen både påverkar, avgjerdstakar og kjøpar; konfirmanten er brukar. Oppgåva til seljaren er å vite kven som har dei ulike rollene, og tilpasse salsstrategien sin etter det.

CC BY-SASkrive av Hanne-Lisbet Løite og Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.03.2018

Læringsressursar

Kjøpar- og seljarrolla