Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser din eigen kommunikasjonsstil

Oppgåve 1

Lytt til videoforelesinga om Joharis vindauge.

  • Kva er grunntydinga av ordet "kommunikasjon"?
  • Kva for føresetnader må vere til stades for å oppnå god kommunikasjon?
  • Kva ligg i omgrepet "vårt offentlege sjølv"?
  • Kva ligg i omgrepet "vårt løynde rom"?

Oppgåve 2

Firefeltsskjemaet Joharis vindauge blei utvikla på 1950-talet av psykologane Joseph Luft og Harrington Ingham. Bruk firefeltsskjemaet Joharis vindauge til å analysere din eigen kommunikasjonsstil. Ver ærleg mot deg sjølv.

  • Er du ein open person, ein spørjande person, ein synsar eller ein musling?
  • Kva for kommunikasjonsstil ønskjer du eigentleg å ha?
  • Kva for sider av deg sjølv må du, ifølgje Joharis vindauge, utvikle for å endre kommunikasjonsstilen din?

Relatert innhald

Personleg kommunikasjon er kommunikasjon mellom to eller fleire personar som er i direkte kontakt med kvarandre.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.09.2018

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?