Fagstoff

Måleeiningar for lengd

Publisert: 06.05.2013, Oppdatert: 10.03.2017

 

Kilometermerke. Foto. Frå gammalt av har det vore mange måleeiningar for lengd. Nokre av dei gamle måleeiningane er enno i bruk. Det er framleis vanleg å måle storleiken på båtar i fot, og storleiken på fjernsynsskjermar måler vi i tommar (langs diagonalen av skjermen).

I flesteparten av landa i verda bruker ein i dag det metriske målesystemet. I dette systemet er grunneininga meter, m. Tidlegare var éin meter definert som lengda av ein bestemt stav som vart oppbevart i Paris. No er éin meter definert som avstanden lyset rører seg i vakuum i løpet av ein bestemt brøkdel av eit sekund.

Dersom vi deler 1 meter i 10 delar, får vi 1 desimeter, dm. Når vi deler meteren i 100 delar, får vi 1 centimeter, cm. Ein tusendels meter kallar vi for 1 millimeter, mm. For veldig små storleikar har vi også milliondelsmeter, mikrometerμm og milliarddelsmeter, nanometer, nm.

Visste du at kilo tyder tusen?

For store storleikar har vi kilometer, km og for avstandar i verdsrommet bruker vi måleeiningar som lysår, som er avstanden lyset tilbakelegg i løpet av eitt år.

Ein oversikt over vanleg brukte måleeiningar for lengd

kilometerkmtusen meter1 000 m
mil 10 kilometer10 000 m
meterm 1 m
desimeterdmtidels meter0,1 m
centimetercmhundredels meter0,01 m
millimetermmtusendels meter0,001 m
mikrometerμmmilliondels meter0,000 001 m
nanometernmmilliarddels meter0,000 000 001 m

 

Oppgåver

Aktuelt stoff

Generelt