Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er spesielt for IKT-prosjekt?

I utgangspunktet er det ikkje nokon forskjell på IKT-prosjekt og andre prosjekt. Hovudtrekka og arbeidsmetodane er dei same på alle vesentlege punkta, men IKT-prosjekt har også nokre særtrekk som gjer at dei kan skilje seg frå andre prosjekt på somme område. Utviklingstakta for IKT er svært høg
Mann ser på klokken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Samanlikna med dei fleste andre fagområde går utviklingstakta for IKT med sjumilsstøvlar. Det inneber at det er svært krevjande å halde seg oppdatert, og det kan vere vanskeleg å skaffe den nødvendige kompetansen til eit IKT-prosjekt. Tidlegare erfaring blir også mindre verdt når utviklinga har gått vidare, og i nokre tilfelle kan teknologien til og med endre seg undervegs i prosjektet.

Marknaden endrar seg raskt
Kravet til IKT-løysingar er gjerne drive av marknadsbehovet og konkurransesituasjonen. Den høge utviklingstakta for teknologi fører også med seg raske og store endringar i marknaden. Det gjer at IKT-prosjekt ofte kan vere svært tidskritiske om ein skal nå det ønskte resultatet. Det hjelper ikkje å ha gjennomført eit vellykka prosjekt dersom marknaden spør etter noko anna når ein er ferdig.

Prosjektresultatet krev ofte omstillingar i verksemda
Mange IKT-prosjekt har som mål å effektivisere eksisterande rutinar eller system, og det vil seie at verksemda ikkje kan «halde fram som før» dersom dei skal få fullt utbytte av prosjektresultata. IKT-prosjekt grip derfor ofte inn i kvardagen til dei tilsette, slik at mange menneske blir involvert.

Kravet til funksjonalitet er aukar stadig
Utviklingstakta gjer også at brukarar spør etter stadig fleire og meir avanserte funksjonar. Ein faktor som svært ofte gjer seg gjeldande for IKT-prosjekt, er det som på engelsk blir kalla «scope creep». Scope creep er nemninga på det som skjer når eit prosjekt veks undervegs, at ein undervegs får nye idear og forslag til kva som bør inkluderast i det systemet ein arbeider med, og at ein inkluderer desse i prosjektet.

Scope creep kjem gjerne som ein konsekvens av at kravdefinisjonane var for dårlege føre prosjektet starta, eller av at utviklinga har opna for nye alternativ undervegs. Det siste er ikkje uvanleg, for brukarar forstår ikkje fullt ut kva som er råd å få til, eller dei har ikkje oversikt over kva dei faktisk treng, før ein er komen eit godt stykke inn i prosjektet. Ofte kjem ikkje forslaga til nye funksjonar før brukarane testar ut det nye systemet.

Sjølv om idear som oppstår undervegs, ofte tilhøyrer kategorien «greitt å ha»‚ er dei gjerne også fornuftige, og det kan vere freistande å inkludere dei. Men dersom ein vil ha noko håp om å fullføre prosjektet innanfor dei rammene som er sette, bør ein vere svært streng med omsyn til kva ein skal tillate av scope creep. Sjølv små endringar og tillegg kan krevje mykje arbeid og dermed føre til at prosjektet går utover budsjett og tidsplan.

Den korrekte måten å handtere scope creep på, er å samle alle forslaga som kjem inn, og leggje dei til ved neste oppdatering eller gjennomføre dei som eit eige prosjekt seinare. Skikkeleg planleggingsarbeid bidreg også i stor grad til å redusere talet på endringar når prosjektet først er starta.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 16.08.2018

Læringsressursar

Prosjektorganisering