Hopp til innhald

Fagstoff

Personleg mediert kommunikasjon

Personleg mediert kommunikasjon er personleg kommunikasjon ved hjelp av teknologiske medium. Sosiale medium har gitt oss ein helt ny måte å kommunisere på. Utviklinga har også endra vilkåra for massekommunikasjon.

Medierte samtalar

Har du nokon gong tenkt på korleis folk kommuniserte då foreldra dine vaks opp? Korleis kunne dei i det heile teke møte venene sine utan mobiltelefon og internettilgang?

Den nye interaktive teknologien som vi fekk tilgang til på 2000-talet, har forandra måten vi kommuniserer med kvarandre på. I dag møter du venene dine like ofte i sosiale medium som i kantina. Skype gjer det mogleg for bestemor å møte barnebarna ansikt til ansikt kvar dag, sjølv om dei bur milevis frå kvarandre. I arbeidslivet blir møte og tenestereiser bytte ut med kommunikasjon via e-post, fildeling og nettbaserte konferansetenester.

Personleg kommunikasjon ved hjelp av teknologiske medium blir kalla personleg mediert kommunikasjon. Dette er ei mellomform mellom vanleg personleg kommunikasjon og massekommunikasjon, både fordi bodskapen blir formidla via eit medium, og fordi delar av den personlege kommunikasjonen også er tilgjengeleg for andre enn adressaten.

Nye kommunikative reglar

Det har etter kvart oppstått eigne kommunikative reglar for personleg mediert kommunikasjon, tilsvarande dei kommunikative reglane som gjeld for samtalar ansikt til ansikt. Skriftlege meldingar på sosiale medium og SMS-ar er prega av eit munnleg språk som understrekar nærleik og venskap. Ord og uttrykk blir forkorta for å spare tid. Innhaldet har gjerne ein uformell karakter, der ein refererer til personlege opplevingar og erfaringar.

Relatert innhald

Tilbakemelding blir ofte gitt i korte kommentarar, eller ved hjelp av "likes" og smilefjes. Du har sikkert kjent den kriblande kjensla når eit lite raudt ikon på Facebook-sida di viser at 15 personar har kommentert statusen din. Slike tilbakemeldingar "smørar" kommunikasjonen og fungerer på same måten som når den du snakkar med, smiler og nikkar.

Teknologi skaper avstand. Ei skuggeside ved personleg mediert kommunikasjon er at det kan verke som om terskelen er lågare for ekstreme ytringar. Mykje tyder også på at den sperra vi vanlegvis har mot å sjikanere andre menneske, blir borte. Vi ser ikkje kor lei seg dei vi rammar, blir, og vi slepp å bli konfronterte med dei andre sin avsky mot måten vi oppfører oss på.

Påverkar massekommunikasjon

Mediert personleg kommunikasjon endrar også vilkåra for massekommunikasjon. Interaktiv teknologi gjer at tradisjonelle medium i dag får direkte tilbakemelding (feedback) frå mottakarane via kommentarar og diskusjonssider.

Mottakarane deler også informasjon med redaksjonane i form av bilete og videoopptak som blir sende frå mobil, eller korte meldingar på Twitter. Slik kan brukarane direkte påverke den bodskapen som blir formidla av massemedia. Dette blir kalla borgarjournalistikk.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Kommunikasjon og samhandling