Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utfordring: motorsykkeldekk

Eg har nettopp teke fram motorsykkelen min etter vinterdvalen. Sykkelen er ein typisk sportstourer. No har han gjennomgått ein vårsjekk og fått heilt nye dekk, men eg lurer på kvifor dekka blir så ujamt slite.
Motorsykkel parkert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor blir motorsykkeldekk ujamt slite?

Kvar gong eg har skifta dekk, har eg registrert at det gamle framdekket var mykje meir slite på den venstre sida enn på den høgre sida. Det har då vore køyrt cirka 8 000–10 000 km.

Observasjonen fører til nokre spørsmål:

  • Kvifor er dekket meir slite på den eine sida enn på den andre?
  • Er det berre på motorsykkelen min at framdekket blir meir slite på den venstre sida enn på den høgre sida?
  • Finst det tilfelle det slitasjen vil vere på motsett side av dekket?
Et forhjul og to bakhjul på motorsykkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kan du finne ei forklaring?

På bileta under ser du ein motorsyklist som køyrer i ein venstresving og så i ein høgresving på landevegen.

Motorsykkel i en sving. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Motorsykkel i høgresving. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av May Hanne Mikalsen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar