Fagstoff

Informasjonskjelder og kjeldekritikk

Publisert: 07.05.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Ein viktig kompetanse i eit moderne samfunn er å finne informasjon og kunne vurdere truverdet til og kvaliteten på kjelda. Sjølv om vi helst skulle ønskt at "nokon" serverte oss informasjon som alltid var til å stole på, er ikkje verda slik. Vi må derfor lære oss til å stole på vår eiga dømmekraft og kunnskap om ulike kjelder.

Rykande ferske nyheiter (via RSS og feedroll.com)

 

Tips

Ta ein tur innom biblioteket på skulen eller i kommunen og få hjelp til å finne og vurdere informasjon.

 

 

Eit insekteksempel

Marihøne. Foto.  Eit søk på "Marihøner" i NORDART (norske og nordiske tidsskriftartiklar) gir under 10 treff, mens eit søk i Google gir meir enn 42 000 treff. Treffa i NORDART kan setje deg på sporet av nye søk i Google, som for eksempel fører til fulltekstversjonar av Insekt-Nytt.

 

 

Tips

Når du skal vurdere ei kjelde, er det særleg fire forhold1 du må sjå på:

  • truverdet til kjelda
  • objektiviteten til kjelda
  • nøyaktigheita til kjelda
  • kor eigna kjelda er

 

 

En mann sitter ved en gammeldags ovn og leser ei avis.Merk deg alltid kvar du les ting du vil bruke, det kan vere vanskeleg å finne tilbake til det seinare. Mobilkamera kan brukast til å dokumentere noko du les på papir.   

Kjelder til informasjon

Det er ikkje til å komme utanom at Internett har blitt ei sentral informasjonskjelde. Det er lurt å skaffe seg nokre faste nettstader som ein blir kjend med, og som ein har som utgangspunkt for ein type informasjon.
Det er òg mogleg å få artiklar frå visse kjelder servert gjennom innmating med RSS, dersom nettstadene har lagt til rette for det. To eksempel på det ser du her: frå forskning.no og naturfag.no.

Mange tradisjonelle kjelder finst på Internett

Bokhyller på et bibliotek.Enno er det mange bøker som ikkje er digitaliserte. Ein bibliotekar ville kanskje laga ei liste over informasjonskjelder2  som til venstre i tabellen nedanfor. Når vi treffer på informasjon på nettet, er det ofte vanskeleg å finne ut kva som er kva, men ofte er det "tvillingar" til tradisjonelle utgjevnader på papir. Til høgre i tabellen er eksempel på digitale kjelder.

Tradisjonell kjelde
Digitalt, online

Bakgrunnsinformasjon (som BIBSYS)

Nettsider

Aviser

 

Søkemotorar og databasar

Å søkje ved hjelp av Google har blitt så vanleg at det har gitt opphav til eit verb, å google. For mange er søk på Internett det same som å bruke Google, men det finst òg mykje som Google ikkje "ser".

 

I denne videoen gjer Purdue University eit nummer av at mykje informasjon ikkje er tilgjengeleg i dei vanlege søkjeverktøya. Data som ligg i stengde basar, blir kalla "det skjulte Internett".

Slik vurderer du ei internettadresse

Domenenamnet, før siste punktum og første skråstrek i ei nettadresse, er ei kjelde du bør undersøkje. Merk at lenkjer kan leie til ein heilt annet stad enn lenkjeteksten du klikkar på. Finn ut kor denne leier: domenenavn.no/forvirrende/lenke 

Opplys om kva kjelder du bruker

Når du skriv oppgåver eller held føredrag og liknande, skal du alltid opplyse om kva kjelder du bruker. Ofte er det nok med internettadresser. Viss du vil gjere det litt ordentleg, kan du lage ei litteraturliste. Det finst reglar for korleis litteraturlister blir laga, og for naturvitskap er det tilrådd å bruke eit system som er skildra i Kildekompasset . 

Relatert innhald