Hopp til innhald

Fagstoff

Roller i kommunikasjonen

I ein kommunikasjonssituasjon har vi bestemte roller overfor kvarandre. Det er klare krav og forventningar knytte til desse rollene. Legetimen er eit godt døme: Når vi kjem til legen, er vi pasientar, og vi ventar at legen skal styre samtalen og vise interesse for å hjelpe oss.
Bilete som viser ein lege på kontoret sitt
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi beherskar mange roller

Når vi kommuniserer med kvarandre, går vi inn i bestemte roller. Det er kommunikasjonssituasjonen og forholdet vårt til samtalepartnaren som avgjer kva rolle vi får. Ein ungdom kan til dømes ha elevrolla overfor læraren, storebrorrolla overfor veslesystera eller ekspeditørrolla overfor ein kunde i butikken der han arbeider etter skuletid. Med rolla følgjer det forventningar til korleis vi skal oppføre oss. Rollene avgjer mellom anna kven som får lov til å styre samtalen.

Overordna, underordna eller likeverdig rolle?

Personen som styrer kommunikasjonen, har ei overordna eller dominerande rolle. Til dømes vil ein politibetjent som har stansa ein fartssyndar, ha ei dominerande rolle og styre samtalen. Personen som har køyrt for fort, vil i dei fleste tilfella ta på seg ei underordna rolle og vise audmjukskap for å sleppe meir straff enn nødvendig. Venner som pratar saman, har gjerne likeverdige roller i samtalen. Det vil seie at alle har like stor rett til å styre samtalen om dei vil. Å vite kva for ei rolle ein situasjon krev, høyrer òg med til den kommunikative kompetansen.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2018

Læringsressursar

Kva er kommunikasjon?