Fagstoff

Formeiring hos flatormar

Publisert: 22.04.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Leverikte

Flatormar er ei mangfaldig dyregruppe med både små og store artar som lever i fuktige miljø. Felles for dei fleste flatormane er at dei er hermafrodittar, dei er altså både hann og hoe samtidig. Dei minste er berre nokre millimeter lange, mens dei største frittlevande artane kan bli opp mot 15 cm. Nokre artar er parasittar på virveldyr. Desse har kompliserte livssyklusar som involverer to vertsorganismar.

Tropisk flimmerorm fra slekten PseudobicerosMange av dei tropiske marine flatormane er svært vakre og går under namnet «flimmerormar».   

 

PlanariePlanarie frå slekta Dugesia, mindre enn ein cm lang.    

 

Brun liten flimmermark.Planarie frå slekta Polycelis. Dei små planariane, mindre enn to cm lange, er talrike i ferskvatn i Sør-Noreg, mens vi berre har éin landlevande planarieart i Noreg. Leit på undersida av steinar på grunt vatn for å finne Polycelis-artar.     

 

Terrestrisk flatorm med langsgående striper.Vakker, terrestrisk flatorm frå Costa Rica.  

 

Leverikte, Fasciola hepatica, oval i formen.Leverikten er ein parasitt i levra og gallegangen hos virveldyr.    

 

Bendelormens scolex (hode)Hovudet til ein bendelorm blir kalla scolex og har krokar som ormen bruker til å feste seg til vertsorganismen med.    

 

Mange befruktede egg i et ledd hos bendelormLedd med egg hos bendelorm. 

Kva er flatormar?

Flatormar høyrer til dyrerekkja Platyhelminthes og flimmerormar er ein klasse i denne rekkja. Flimmerormane er fargerike og lever fritt i havet. PlanariarPlanarie frå slekta Dugesia, mindre enn ein cm lang.Planariar er eit fellesnamn på fleire grupper små, frittlevande flatormar. (små flatormar) lever i havet, i ferskvatn eller i fuktige miljø på land, som i våt jord og ròtne stubbar. Det finst òg nokre store, riktig vakre terrestriske flatormar i tropiske strøk.
Mikroskopbilde av parasitten Gyorodactylus salaris.Gyrodactylus salaris er ein ektoparasitt som lever på laksefiskar.Til flatormane høyrer òg svært mange parasittiske artar i klassane bendelormar og iktar. Til iktane høyrer mellom anna slekta Gyrodactylus, med artar som er utvendige parasittar (ektoparasitter) på fisk, og leverikten (Fasciola hepatica) som har ein livssyklus der dei flyttar frå levra til gallegangen hos virveldyr.

 

Frittlevande flatormar

Dei aller fleste flatormane er hermafrodittar, men nokre få er særkjønna. Alle flatormar kan formeire seg kjønna og har indre befruktning. Egga utviklar seg til små individ som veks opp til kjønnsmodne flatormar. Hos enkelte marine artar blir egga klekte til frittsymjande larvar som utviklar seg til juvenile flatormar. Mange flatormar kan dessutan formeire seg ukjønna ved knoppskyting eller deling.

Parasittiske flatormar

Lang, tynn, hvit og leddelt orm, altså en bendelorm.Ein fullvaksen bendelorm, hovudet til høgre.Dei parasittiske artane har kompliserte livssyklusar som involverer eitt eller fleire vertsdyr. Vi skal bruke bendelorm hos menneske som eit eksempel.

Bendelormar er eit fellesnamn på ei stor gruppe flatormar som lever som parasittar i kroppshola eller i tarmen hos virveldyr. Forskjellige artar er parasittar hos ulike virveldyr. Dei minste bendelormane er ikkje meir enn nokre millimeter lange, mens dei største kan bli opptil ti meter. På hovudet (scolex) sit det sugekoppar eller krokar som ormen festar seg til vertsdyret med. Bendelormen tek opp næring direkte gjennom overflata og stel på denne måten næring frå vertsdyret. Kroppen er sett saman av små ledd der kvart ledd har hannlege og holege kjønnsorgan. Sjølvbefruktning er vanleg og gjer at kvart ledd kan utvikle seg til ein ny bendelorm.

Livssyklus til bendelorm hos menneske

Vert og mellomvert i bendelormens formeringssyklusTo artar i slekta Taenia (T. saginata og T. solium) er parasittar i magetarmkanalen til mennesket.

  1. Egga eller befrukta ledd frå bendelormen kjem ut med avføringa til verten.
  2. Storfe et gras og får i seg egg eller befrukta ledd. Dette er mellomverten til bendelormen. Egga blir klekte i mellomverten, og embryoet til bendelormen borar seg gjennom tarmveggen og inn i muskelvevet (kjøttet).
  3. Embryoet til bendelormen kapslar seg inne i muskelvevet til mellomverten og dannar ein cyste her.
  4. Mennesket får i seg cystane ved å ete rått eller dårlig tillaga, infisert kjøtt.
  5. og 6. Cystane opnar seg fordøyelsessystemet til mennesket, embryoet til bendelormen festar seg til tarmveggen og veks til kjønnsmodne individ. Desse frigir befrukta ledd, som kjem ut med avføringa, og livssyklusen er fullført.

Det er sjeldan at menneske i Noreg får bendelorm i dag. I andre delar av verda, særleg i tropiske strok, er bendelorm likevel relativt hyppig hos menneske. Dårlege sanitære og hygieniske forhold og kjøtt og fisk som ikkje er godt nok varmebehandla, aukar risikoen for smitte når ein besøkjer andre delar av verda.

Relatert innhald

Aktuelt stoff

Fagstoff