Fagstoff

Urin – regulering, urinering og diagnostisering

Publisert: 25.04.2013, Oppdatert: 02.08.2017
Nyrer og urinering

Urinen gir oss mykje informasjon om tilstanden til kroppen. Fargen på urinen fortel noko om vassinnhaldet i kroppen, mens ein urinprøve kan påvise sjukdommar eller avsløre juks innan idrett. Små barn har ikkje kontroll over når dei må kvitte seg med urin, men lærer dette etter kvart.

Illustrasjon av ADH reguleringen Utskiljinga av ADH frå hypofysen blir regulert av reseptorar i hypotalamus, som registrerer osmolariteten og trykkreseptorar i sirkulasjonssystemet (gule prikkar: ADH, raude prikkar: reseptorar, hypofysen utvida øvst til venstre). 

Urinprøver fra idrettsutøvereUrinprøver fra idrettsutøvere analyseres for å avdekke eventuell doping. 

Jente somser på resultatet etter å ha tatt en graviditetstestHormonet hCG blir berre produsert under graviditet. Produksjonen av hormonet startar rett etter befruktning, og sidan det blir skilt ut via urinen, kan vi bruke det som graviditetstest.

Produksjon av konsentrert eller fortynnet urin

Kroppen sitt behov for vatn blir registrert kontinuerleg, og vi har fleire reguleringsmekanismar for vass- og ionekonsentrasjonen. Hormonet ADH (antidiuretisk hormon) er den viktigaste mekanismen i reguleringa av urinutskiljinga. ADH kan opne spesielle vasskanalar (akvaporinar) i cellemembranen hos samlerøyr i nyrene slik at meir vatn blir ført tilbake til blodet.

Gutt som drikker ølAlkohol hemjar utskiljinga av ADH slik at mindre vatn blir reabsorbert, og vi må tisse oftare.Når du drikk lite, blir det skilt ut meir ADH frå hypofysen for å spare på vatnet. Meir av det vatnet som har gått over til nyrene, blir då transportert tilbake til blodet. Urinen blir som ei følgje meir konsentrert og får ein kraftigare gulfarge. I tillegg blir signal sende til tørstesenteret i hypotalamus. Når du drikk mykje, har kroppen behov for å kvitte seg med vatn. Utskiljinga av ADH minkar, og færre akvaporinar blir opna slik at mindre vatn blir transportert tilbake til blodet. Dermed blir urinen fortynna og får ein lysegul farge.

Urinering

Den ferdige urinen blir tømt frå nyrebekkenet og over i urinblæra via urinleiarane. Etter kvart som blæra fyller seg, aukar trykket mot blæreveggen. Når volumet overstig 400 ml hos ein vaksen person, blir nervesignal sende til ryggmergen og storhjernen. Ut frå erfaring veit vi at kjensla dette skaper, kjem av ei fylt blære, og vi går på do. Små barn manglar denne erfaringa, og hos dei er det urinmengda som bestemmer når dei urinerer.

Diagnostisering

Ein urinprøve kan fortelje oss mykje om tilstanden til kroppen. Han kan for eksempel bli brukt til å påvise sjukdom eller skade i urinvegane og forstyrringar i hormonbalansen. Ulike former for nyrestein - illustrasjoner og fotoNyrestein.Endring av fargen på og mengda av urin og påvising av bakteriar, blod og protein i urinen kan vere symptom på nyresjukdommar slik som urinvegsinfeksjon, nyrestein, nyrebekkenbetennelse eller kreft.


Viss urinen inneheld glukose, kan det bety at ein har diabetes. Når mengda av glukose i blodet blir for stor, har ikkje nyrene kapasitet nok til å tilbaketransportere all glukosen som har komme over i nyrene.

Ved mistanke om narkotikabruk eller doping kan ein teste og avdekkje eventuelle narkotiske stoff eller nedbrytingsprodukt av desse stoffa i urinen. Slike stoff er framande for kroppen, og levra bryt dei ned til bindingar som blir skilde ut med urinen ved sekresjon.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Aktuelt stoff

Relatert innhald

Fagstoff