Fagstoff

Bourg og Blaye, Sauternes og Entre-deux-mers

Publisert: 15.04.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Bilde av vinetikett og uforseglet vinkork fra 1937   

bilde over vinområdet bordeaux i frankrikeSjå dei ulike områdane på kartet   

 

 

Ikon: virtuelt kjøkken - drikkevarerSjekk dine kunnskapar i den virtuelle baren 

Bourg og Blaye

Distrikta Bourg og Blaye ligg aust for Gironde. Der blir det produsert mest raudvin, men òg noko kvitvin. Jordsmonnet er variert med innslag av sand, småstein og kalk. Dei raude vinane er lette og forholdsvis rike, og dei blir blaute ved lagring. Vinane herfrå er noko enklare enn vinane frå dei andre områda i Bordeaux.    Vinane frå Bourg og Blaye passar godt til kokt torsk med lever og rogn, ein tradisjonell «raud torskevin». Det er spesielt for Noreg at det blir brukt raudvin til torsk.

bilde av Skrei med rogn og leverSkrei med rogn og lever

Sauternes

Distriktet Sauternes ligg heilt sør i Bordeaux. Jordsmonnet er grus og kalkhaldig leirjord. På grunn av det fuktige klimaet om hausten trivst muggsoppen Botrytis cinerea, og druene gjennomgår såkalla edel rotning (la porriture noble). Druene skrumpar inn til ein rosinliknande storleik med lite væske og høgt sukkerinnhald. Druene blir hausta enkeltvis for hand etter kvart som dei når denne modningsgraden.

Klassifiseringa er som for Médoc, berre med den forskjellen at Château d'Yquem har ein spesiell klasse, grand premier cru, som er spesiell for dei. Det som kjenneteiknar desse vinane, er den store søtleiken og fyldige bouqueten, men at dei likevel har ein viss friskleik.bilde av sauternes og jordbærVinane frå Sauternes eignar seg til lette dessertar med frukt og bær

Entre-deux-mers

Namnet Entre-deux-Mers betyr «mellom to hav», og her siktar det til området mellom dei to elvane Dordogne og Gargonne. Jordsmonnet er svært samansett, og det blir brukt meir utradisjonelle druetypar, men etter kvart blir Sauvignon Blanc-drua stadig meir brukt.

Vinane er lette, lyse og behagelege og blir mykje brukte som aperitiff og som ein «tørstesløkkjar» ein fin sommardag på terrassen.
Soloppgang i Entre-deux-mers, BordeauxSoloppgang i Entre-deux-mers

Relatert innhald