Fagstoff

Bordeaux

Publisert: 15.04.2013, Oppdatert: 05.03.2017
bilde over vinområdene i bordeaux  

Bordeaux-vinane blir produserte i områda rundt byen Bordeaux i departementet (fylket) Gironde i Sørvest-Frankrike. Vinane som kjem herfrå, omfattar enkelte av dei ypparste vinane som blir laga. Dei raude vinane frå Bordeaux-distriktet er særmerkte ved at dei har høgt innhald av tannin, fylde, bouquet og farge. På grunn av det høge innhaldet av tannin eignar dei seg godt til lagring

Klimaet

Klimaet i området varierer frå kystklima i Médoc og Graves til tilnærma innlandsklima i Saint-Émilion og Pomerol. Den nære tilknytinga til fjordarmen Gironde og elvane Garonne og Dordogne set eit merkbart preg på klimaet. Sommaren er ofte prega av fuktig varme og vinteren av tåke. For druedyrking er dette klimaet utmerkt. 

Jordsmonnet

Bordeaux-distriktet har eit relativt fattig jordsmonn. Spesielt gjeld dette Médoc og Graves. Terrenget her er lite kupert, og det er mykje grus i jorda (graves betyr «småstein» på fransk). I St. Emilion og Pomerol, på den andre sida av Gironde, er landskapet meir variert og har ofte sterkare innslag av leire.

Høsting av druer på vingården Chateau La Mission Haut BrionHausting av druer på vingården Chateau La Mission Haut Brionbilde av merlotdruerMerlotdruer på Chateau Petrus, Bordeaux, Frankrikebilde av  Cabarnet Franc druerCabarnet Francbilde av merlotdruer på vinrankerMerlotdruer på vinrankerbilde av Semillion vindruerSemillion 

Druesortar

Det er mange druesortar som er godkjende for AOP-vin i Bordeaux-distriktet. Dei forskjellige druetypane blir hausta og vinifiserte kvar for seg hos den enkelte produsenten, og blir blanda i forskjellige forhold i dei enkelte distrikta og hos produsentar og vinfirma. Dei fleste produsentane blandar vinar frå to til fire druesortar i vinane sine. Dette er for å komme fram til den vinen dei synest best om. I tillegg får dei utnytta jordsmonnet og mikroklimaet til eigedommen, og dermed dei forskjellige druetypane, på best mogleg måte.

Raudvinsdruene

Cabernet Sauvignon er den mest kjende raudvinsdrua. Ho har størst utbreiing i Médoc og Graves, der ho utgjer hovudinnslaget i vinane. Unge vinar har ein utprega fruktig stil som kan minne om solbær. Når dei blir eldre, verkar dei tørrare, og bouquetnyansane kjem fram. Dei vanlegaste smaksbeskrivingane for eldre vinar er svisker, hermetisert frukt, sopp og sedertre.

Merlot er den mest brukte drua etter Cabernet Sauvignon. Ho modnar raskare både som drue og som vin. Merlot gir ein saftigare og blautare vin enn Cabernet Sauvignon, men oppnår sjeldan den same fornemme bouqueten. Karakterane til drua utfyller derimot Cabernet Sauvignon på ein fullkommen måte. Ho har sterkast posisjon i St. Emilion og Pomerol og blir brukt i dei store vinane frå Médoc og Graves i mindre mengder enn Cabernet Sauvignon.

Cabernet Franc er mest utbreidd i dei austlege områda og har mykje til felles med Cabernet Sauvignon, men gir litt mindre farge og bouquet. Nokre av dei beste St. Emilion-vinane er dominerte av Cabernet Franc.

Malbec gir hurtigutvikla, lette og elegante vinar, men manglar haldbarheita og bouqueten til Caberneten. Drua blir brukt til å gjere cabernetvin blautare, spesielt dersom ein ønskjer å lage vin som skal drikkast ung.

Kvitvinsdruer

Sémillon er tradisjonelt den viktigaste kvitvinsdrua. Ho gir ein god fyldig og saftig vin med markert gulfarge. Druetypen blir særleg brukt i Sauterne til søte vinar då han eignar seg godt til edelròtne druer.

Sauvignon Blanc gir vinar med større fastheit og fruktigheit, men har lågare avkastning enn Sémillion.

Muscadelle blir først og fremst brukt på grunn av stor avkastning, men oppnår sjeldan høg kvalitet.

Dette er dei mest brukte kvitvinsdruene. I tillegg er det sju andre druetypar som er tillatne i produksjonen av AOP-vin i Bordeaux. I det siste har nye smakstrendar bidrege til å gi Sauvignon Blanc ein større del i blandingane på grunn av fruktigheita. I dei fleste tilfella blir det brukt frå to til tre druesortar i samansetjinga av vinane.

grafikk av vinetikett Grand vin de BordeuxVinetikett frå Bordeux   

Relatert innhald