Hopp til innhald

Fagstoff

Norsk kultur?

Å vere trygg på seg sjølv og sin eigen kultur er ein viktig føresetnad for å kunne møte andre kulturar på ein positiv måte. Når vi snakkar om kulturkonfliktar, assosierer vi ofte det med land langt borte. Men kva med vårt eige land?
Bunadskledde kvinner. Nasjonalromantikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Typisk norsk?

Noreg blir av mange rekna for å vere eit typisk skandinavisk land med ein sterk tradisjon som strekkjer seg fleire hundre år tilbake. Vi er stolte av språket vårt og kulturen vår.

Vi seier ofte at det finst ein norsk kultur fordi vi deler same kunnskapen, dei same skikkane og den same historia. Kultur er derfor viktig for korleis vi oppfattar oss sjølve, og for korleis vi oppfører oss i dagleglivet. At vi er trygge på oss sjølve og vår eigen kultur, er viktig for korleis vi møter menneske frå andre kulturar.

I vertskapsrolla må ein vere open for andre kulturar. Å tvihalde på sin eigen kultur er vel og bra, men somme gonger kan det verke mot si hensikt. Andre kulturar har kanskje mykje å tilby.

  • Korleis kan vi bruke andre kulturar på ein positiv måte her i Noreg?
  • Korleis kan det å tvihalde på sin eigen kultur stå fram som negativt?
  • Ville Noreg ha vore eit fattigare samfunn utan innvandringa og påverknaden frå andre kulturar?

To ulike folkegrupper

Mange av innbyggjarane er rekna for å vere ganske like, men mange gløymer at også vi i Noreg har to svært ulike folkegrupper: nordmenn og samar. Dei to folkegruppene er svært ulike både når det gjeld språk og kultur.

Tenk over

Dessverre ser vi stadig at den samiske minoriteten her til lands må kjempe for rettane sine og for å bli akseptert i samfunnet. Ordet same har ved fleire høve blitt brukt som skjellsord.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.02.2019

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk