Fagstoff

Sterkvin (heitvin)

Publisert: 08.07.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kollasj: sterkvin  Sterkvin

Sterkvin eller heitvin er forskjellige nemningar på det same. Sterkvin inneheld frå 15 til 22 prosent alkohol. Som du kanskje hugsar om svakvin, ble gjærsoppen drepen om alkoholen kom over 14 prosent. Derfor er grensa mellom sterk- og svakvin sett ved 15 prosent.

Om vi skal få ein druevin over 15 prosent, må han altså tilsetjast vinsprit. Ein kan lage fruktvin over 15 prosent utan å tilsette sprit, men då med kultivert gjær. Sterkvin kan vi dele i to hovudgrupper: naturleg og aromatisert. Naturleg sterkvin er vanleg kvitvin eller raudvin som blir tilsett vinsprit og lagra på forskjellige måtar. Dei mest kjende er sherry, portvin og madeira. Det finst ei rekkje andre, men vi skal berre sjå nærare på dei som er mest brukte.

Aromatisert sterkvin blir i tillegg til sprit tilsett urter eller aromastoff. Her er det òg mykje forskjellig, men vi skal konsentrere oss om dei mest kjende av vermouth og aperitiffar.

Relatert innhald