Hopp til innhald

Fagstoff

Andre metodar for å lage musserande vin

Champagnemetoden er veldig omfattande og kostbar. Derfor er det utvikla ein del enklare metodar. Mest kjend er "den lukka behaldaren".
Musserande vin i glas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lukka-behaldar-metoden (cuvee-close-methode)

Ein mann i ein vinkjellar held ei flaske musserande vin opp mot ei lyskjelde for å kontrollere ho. Foto.

Her går andregongsgjæringa føre seg på ein lukka tank i staden for på flaske som i Champagne. For å få vekk botnfallet blir vinen filtrert, og temperaturen blir sett ned til −4 °C før han blir tappa på flasker. Den låge temperaturen bind karbondioksidet til vinen slik at det ikkje forsvinn under tappinga.

Dette er ein mykje billegare produksjon, og vinen kjem hurtigare i sal, men kvaliteten er ikkje den same som for champagne. Musseringa (boblene) er heller ikkje så fin.

Transfer-/overføringsmetoden

Eit band med magnumflasker klare til fylling. Foto.

Dette er ein mellomting mellom champagne- og tankmetoden. Andregongsgjæringa skjer på flasker, men i staden for den tungvinte måten ein fjernar botnfallet på i champagnen, blir vinen filtrert før han blir tappa over på nye flasker. Denne måten er mykje nytta i USA.

Karboniseringsmetoden

Denne metoden er den rimelegaste og blir ikkje sett på som heilt akseptabel av enkelte. Han går føre seg på same måten som ein lagar mineralvatn. Ein tilset rett og slett CO2. Denne metoden blir gjerne nytta på kvitvin av låg kvalitet. Karbondioksid kan dekkje over mangel på kvalitet. Boblene blir forholdsvis store og forsvinn raskt.

Eit glas med musserande vin. Foto.

Dei forskjellige metodane blir nytta i dei fleste landa, inkludert champagnemetoden. Andre land som EU har handelsavtale med, har på si side ikkje lov å skrive dette på etiketten, så dei omtaler han som methode classic. Spania har si eiga nemning. Der kallar dei han cava.

I Italia nyttar ein nemninga spumante om vanleg musserande vin, mens frizzante er ein vin med svak mussering.

I Tyskland blir musserande vin kalla Sekt. Har vinen denne nemninga, treng ikkje vinen ein gong vere tysk. Han kan komme frå eit anna land og berre vere gjord musserande i Tyskland. Ei anna generell nemning er Schaumwein. Betre kvalitet er det om vinen har nemninga Deutcher sekt. Då er vinen produsert i Tyskland. Den høgaste kvaliteten er Prädikatsekt.

I USA nyttar vinprodusentane nemninga champagne på musserande vin, men han kan ikkje eksporterast.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Vin