Fagstoff

Kroppsspråk og kulturelle forskjellar

Publisert: 29.04.2013, Oppdatert: 05.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Mennesker (kollasj)

Det kan vere store forskjellar på kroppsspråket i ulike delar av verda – frå land til land og innanfor eitt og same landet.

GestikuleringEin politimann på Sicilia forklarer og gestikulerer med kraftig og tydeleg kroppsspråk.
Fotograf: Dag Jenssen
 

 

 

 

KyssingDet er ikkje uvanleg å sjå nokon kysse kvarandre her i landet. Men hugs at det i mange land er heilt uakseptabelt. Det same kan gjelde det å gå hand i hand. Ver var overfor normer og reglar i andre land.
Fotograf: Geir Olsen
 

 

 

Oppgåve

Kan du finne døme på norsk skikk og bruk som kan verke merkeleg og kanskje støytande for utlendingar? Og kva med uforståelege høflege frasar – kan du finne døme på det?

Kulturelle forskjellar

Dei kulturelle forskjellane kan vere vidt forskjellige frå land til land, og frå kontinent til kontinent.

Berre i Europa er det store forskjellar frå land til land. Sjølv i det same landet kan det vere forskjellar – alt etter om du er i nord eller sør i landet. I Nord-Italia kan vi oppleve folk som svært urbane og internasjonale. Reiser vi sørover i landet til for eksempel Napoli eller øya Sicilia, har mange ei mykje meir open åtferd, dei er ivrige og gestikulerer meir.

I Noreg er det også store ulikskapar mellom landsdelane. Vi har til dømes mange svært ulike dialektar, og vi kan høyre kvar i landet folk kjem frå. Somme kan bli oppfatta som meir hissige og brautande enn andre, medan andre blir oppfatta som tolmodige, sindige og litt treige.

  • Finn døme på korleis vi nordmenn blir oppfatta som forskjellige alt etter kvar i landet vi kjem frå. Er desse forskjellane verkelege, eller er dei fordommar?
  • Kva særeigenskapar kan du fortelje om frå din eigen heimstad eller din eigen landsdel?

Ulikt kroppsspråk

Kroppsspråket er forskjellig frå kultur til kultur, og det kan derfor vere ei kjelde til misforståingar. I land sør i Europa, til dømes Spania og Italia, er det vanleg med eit breitt register av kroppsspråk. I dei skandinaviske landa er vi litt meir tilbakehaldne med kroppsspråket.

Skikk og bruk

Det er stor forskjell mellom austleg og vestleg kultur også når det gjeld skikk og bruk og kva som er akseptabel åtferd. Kinesarane kan rape etter eit måltid for å vise at dei liker maten, medan det her i Noreg og den vestlege verda blir sett på som svært uhøfleg. I Japan er det vanleg at ein et opp alt på tallerkenen, så pass på at du ikkje forsyner deg med meir mat enn du klarer å ete.

I USA og England blir ein ofte møtt med «korleis har du det», utan at dei ventar på at du skal svare, og «ring meg når du er i byen», utan at ein meiner alvor. Dette er vanlege, høflege frasar som vi nordmenn skjønar lite av.

 

 

Tenk over

Medan vi her i Noreg kan kysse offentleg utan at nokon bryr seg, blir dette i mange andre land sett på som ei privat seksuell handling. Korleis kan ein på ein diskré måte vere eit kjærastepar på ferie i eit land der intimitet blir sett på som svært privat?