Fagstoff

Arbeidsmåten til nyrene

Publisert: 11.04.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Nefron - den urinproduserende enhet

Kvart minutt strøymer 1200 ml blod gjennom nyrene. Nyrene reinsar blodet ved først å fjerne både nyttige og unyttige stoff, for så å føre dei stoffa kroppen har behov for, tilbake til blodet. Hovudprinsippet for korleis nyrene reinsar blodet, er enkelt, men basert på eit samspel mellom mange ulike mekanismar. Reinsing blir delt inn i tre trinn: filtrasjon, reabsorpsjon og sekresjon.

Mikroskop bildet av kapillærnøsterKapillarnøste (raude) og dei store blodårene (oransje) som forsyner kapillarnøsta med blod.   

 

Gutt som sitter på doAv 180 liter preurin som vi produserer i løpet av eit døgn, så skal vi heldigvis ikkje kvitte oss med alt. Det meste tek vi vare på slik at vi berre kvittar oss med cirka 1,5 liter ferdig urin.    

 

 

Henles sløyfeHenles sløyfe. Den aktive transporten av ion i den oppovergåande sløyfa medfører diffusjon av vatn (osmose) ut av den nedovergåande.   

 

 

Medikamenter og tilsetningsstoffer som skilles ut ved sekresjonFargestoff og legemiddel er nokre av substansane som blir skilde ut ved sekresjon.  

 

 

Den urinproduserende enheten nefron og den oppbygningNefron – den urinproduserande eininga – med namn på dei ulike delane.    

Filtrasjon

I løpet av ein time har 72 liter blod blitt filtrert gjennom nyrene. Det har då fått den ønskte samansetjinga av vatn og ulike bindingar i tillegg til riktig pH. Filtreringa skjer i kapillarnøstet (glomerulus) og Bowmans kapsel. Her blir innhaldet i blodet pressa over i nyrekanalen ved hjelp av blodtrykket, som er høgare i nyrene enn i andre organ.

Illustrasjon over hvor de ulike prosessene i urindannelsen skjer  Vatn og små molekyl passerer over i nyrekanalen, mens blodceller og store protein blir haldne tilbake i kapillarnøstet. Den filtrerte væska blir no kalla preurin (primærurin), og i løpet av eit døgn har nyrene danna omtrent 180 liter preurin. Av dette produserer kroppen cirka 1,5 liter ferdig urin i døgnet. Preurinen inneheld både unyttige og nyttige stoff.

Reabsorpsjon (tilbaketransport)

Blodet som forlèt kapillarnøstet, inneheld stort sett store protein og blodceller. Når blodet så blir transportert langs den første delen av nyrekanalen, blir heile 80 prosent av dei filtrerte stoffa aktivt eller passivt ført tilbake til blodet. Illustrasjon som  viser at glukose og aminosyrer reabsorberes fra nyrekanalen  Dette er stoff som glukose, aminosyrer, vatn, ion, vitamin og urea. Urea er eit avfallsstoff som kroppen ønskjer å kvitte seg med, men på grunn av eigenskapane til stoffet, blir 50 prosent diffundert tilbake til blodet.

Blodet beveger seg vidare i blodårene langs Henles sløyfe. Her blir store mengder vatn transporterte tilbake til blodet. I den oppovergåande delen blir Na+-ion og Cl-ion pumpa aktivt ut av filtratet og over i vevsvæska som omgir sløyfa, noko som gjer at vatn blir trekt ut av den nedovergåande delen ved osmoseOsmolaritet er eit mål for mengda oppløyst stoff i ei løysning. Jo høgare osmolaritet, jo lågare vasskonsentrasjon. OsmoseOsmose er diffusjon av vassmolekyl gjennom ein semipermeabel (halvgjennomtrengjeleg) membran frå ei løysning med høgare konsentrasjon av vatn til ei løysning med lågare konsentrasjon av vatn.Alternativ definisjon med eit uttrykk for stoffkonsentrasjon:Osmose er diffusjon av vatn gjennom ein semipermeabel membran til ei løysning med høgare osmolaritet.Osmose: Dersom ein har to løysningar med ulik osmolaritet (saltbalanse) som blir skilde ved hjelp av ein halvgjennomtrengelig membran, vil vatnet flyte gjennom membranen slik at forskjellar i konsentrasjon blir utlikna.. Vatn kan berre trengje gjennom sløyfa i den nedovergåande delen.

Sekresjon

Blodet er bortimot ferdig reinsa når det passerer den siste delen av nyrekanalen. Store molekyl som feittløyselege hormon, legemiddel og tilsetjingsstoff frå mat blei på si side ikkje filtrert ut av blodet i kapillarnøstet. Dei kan transporterast aktivt ut frå blodet og inn i filtratet i den siste delen av nyrekanalen. Denne reinsinga blir kalla sekresjon.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Aktuelt stoff

Relatert innhald

Aktuelt stoff for