Hopp til innhald

Fagstoff

Kva seier klesdrakta vår?

Korleis vi kler oss, har mykje å seie for det inntrykket andre får av oss. I reiselivsbransjen er det vanleg at dei som møter gjester og passasjerar, har uniform.


Flyvertinne i uniform på flyplassen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle gjester er forskjellige

For vertskapet er det alltid mange omsyn å ta. Gjestene er forskjellige – det er gamle og unge, kvinner, menn og barn, somme snakkar eit anna språk, andre har fysiske handikap.

Alle gjestene skal føle at dei kan relatere seg til vertskapet, og det må vere tydeleg kven som er vertskap. I dei fleste reiselivsbedrifter, reisebyrå, hotell og flyselskap har dei tilsette uniform.

Uniform

Uniformer kan vere veldig forskjellige. Uniforma er med på å forsterke yrkesrolla til den som ber uniforma, til dømes politiet og militæret, pilotane og kabinbesetninga i eit fly.

Hovudmålet med uniform er at alle skal vere likt kledde. Det skaper ei felleskjensle internt i bedrifta, og det blir lett for gjestene å vite kven som er vertskap.

Fargevalet i uniformer er ikkje tilfeldig. Blått blir rekna for å vere ein autoritær og roande farge. Mange flyselskap har nettopp blått som hovudfarge i uniformene sine. Pilotar og kabintilsette er yrkesgrupper som har eit stort ansvar for å skape tillit og tryggleik blant gjestene sine. Å skape tillit tek tid, relasjonsbygging er tidkrevjande, og denne yrkesgruppa har ikkje alltid så mykje tid til denne oppgåva. Derfor blir det å bere uniform endå viktigare i denne samanhengen.

At uniforma eller kleda er nøytrale og samstemte i fargar og stil, er med på å skape tillit mellom vertskap og gjest.

Døme

Ei eldre kvinne kjem med fly til Oslo og skal vidare til utlandet. Flyet til Oslo er forseinka, og kvinna har dårleg tid til neste fly. Ho er stressa og forvirra og veit ikkje kvar ho skal gå. I avgangshallen ser ho ei flybesetning som sit og drikk kaffi. I dette tilfellet er det berre uniformene som fortel henne at her er det hjelp å få. Sjølv om denne besetninga ikkje veit kvar flyet hennar står, og heller ikkje jobbar i dette flyselskapet, kan dei gi henne nødvendig informasjon som gjer henne i stand til å klare seg på eiga hand.

  • Kva slags informasjon kan dei gi henne?
  • Er det viktig at folk i uniform på ein flyplass kan yte denne type service, sjølv om dei får spørsmål som vedkjem eit konkurrerande flyselskap?

Signal

Det er vanleg at vi dannar oss eit førsteinntrykk av ein person ut frå klede, frisyre, smykke, sminke og liknande. Vi set folk i bås, tenkjer at vedkomande er sånn og slik, tilhøyrer ei bestemt gruppe. Vi gløymer å sjå etter enkeltindividet.

Vi sender altså ut ulike signal ut frå korleis vi kler oss. I mange reiselivsbedrifter er det strenge reglar for korleis ein kan gå kledd, og kva ein kan ha på seg. Mange arbeidsgivarar tillèt ikkje synlege pirsingar og tatoveringar. Ekstreme hårfrisyrar og hårfargar kan også vere med på å svekkje tilliten til vertskapet.

Tenk over

Når vi ber uniform, sender vi eit tydeleg signal om kven vi er, og kva rolle vi har som vertskap.

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.02.2019

Læringsressursar

Vertskapsrolla