Fagstoff

Jordsmonnet

Publisert: 05.04.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Kollasj: jordsmonnetPå bildet ser du t.v. vinrankar langs rivieraen, t.h. ser du ulike jordsmonn med stein, lava og raud jord.
Opphavsmann: Christine Holmen
 

Jordsmonnet er viktig

Noko anna viktig er jordsmonnet planten veks i. Kvaliteten blir best om han veks i skrinn jord (dårleg jordbruksjord) med sand, grus og stein. Dette gir god drenering, og røtene til planten må strekkje seg langt ned i jorda for å få nok vatn og næring. Det er målt røter på 20–40 m.

Når jorda er steinhaldig, vil planten òg ta til seg mineral som påverkar smaken og fargen, for eksempel jern og kopar. Om ein plantar same druetypen i ulik jord, vil ein få forskjellige smaksnyansar på vinen.

Det speler òg inn om det er mykje stein på jordoverflata. For at drua skal bli moden og klare å produsere nok sukker, trengst det varme. Om dagen varmar sola opp steinane som så gir frå seg varme utover kvelden, og sukkermengda aukar.  

Relatert innhald