Bilete

Instrumentsignal og justering

Publisert: 20.03.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Elektrisk strøm og elektriske strømkretser: Digitalt multimeter

Den vanlegaste måten å sende ut eit signal frå et måleinstrument på er å bruke eit elektrisk signal. Her lærer du litt om samanhengen mellom spenning (U), straum (I) og motstand (R).

Ohms lov i en strømkretsOhms lov i en straummkrets Ohms lov trekant  

Kjenner du til to av disse størrelsane, kan du rekne ut den tredje ved å bruke ein av desse formlane:

U=R·IR=UII=UR

Dette blir kalla Ohms lov. For å forstå kva desse formlane betyr, kan du tenkje deg at straum (I) er talet på elektron som passerer gjennom ein leidning. Spenninga (U) seier noko om kor stor kraft som blir brukt til å dytte elektrona gjennom leidningen, og motstanden (R) fortel oss om kor stor hindring elektrona møter. Frå formlane kan du då sjå at om motstanden aukar, så må òg spenninga auke om vi skal klare å halde ved like straumstyrken (mengda elektron).

Spenning blir målt i eininga volt (V), straum blir målt i ampere (A), og motstanden blir målt i ohm (Ω).

Målekrets for temperaturmålingMålekrets for temperaturmåling 

Den aller mest brukte metoden for å overføre signal frå instrument i prosessindustrien er å bruke eit elektrisk signal der straumen varierer mellom 4 og 20 mA (milliampere). Tenk deg at termometeret ditt går frå -30 °C til 50 °C. Då vil ein temperatur på -30 °C svare til eit elektrisk signal med straumstyrke på 4 mA. Når temperaturen blir 50 °C, er det like mykje som eit signal på 20 mA.

Ein annan måte å formulere dette på er å seie at målesignalet går frå 0 til 100 prosent. Då er 0 prosent den nedste grensa av måleområdet (som her er -30 °C), og 100 prosent er den øvre grensa av måleområdet (som her er 50 °C). Eksempel på ulike temperaturar og elektriske signal som høyrer til, ser du i tabellen nedanfor.

TemperaturmA%
-3040,00
-2556,25
-20612,50
-15718,75
-10825,00
-5931,25
01037,50
51143,75
101250,00
151356,25
201462,50
251568,75
301675,00
351781,25
401887,50
451993,75
5020100,00

 

Den vanlegaste måten å overføre instrumentsignal på er å bruke eit elektrisk signal der straumstyrken varierer mellom 4 mA og 20 mA.

Når vi gjer ei nullpunktjustering av instrumentet, betyr det at vi set det til å gi eit 4 mA signal for den lågaste verdien instrumentet skal måle. For termometeret vårt betyr det at vi stiller instrumentet til å gi eit 4 mA-signal ved -30 °C.

Områdejusteringa skjer på den måten at vi bestemmer kor stor avstand det er mellom minste og største verdi for instrumentet. I termometereksemplet vårt er området på 80 °C (frå -30 °C til 50 °C).

Instrument må nullpunktjusterast og områdejusterast.