Hopp til innhald

Fagstoff

Det generelle måleinstrumentet

Før vi ser på ulike måleinstrument, skal vi prøve å tenkje oss eit heilt generelt måleinstrument. Det er nemleg slik at dei fleste typar industrielle måleinstrument kan skildrast på ein enkel og skjematisk måte, same kva slags instrument det er snakk om.
Glasstermometer med rødfarga alkohol som medium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Termometer

Ein type måleinstrument som du heilt sikkert kjenner godt frå før, er eit termometer. Det består av eit tynt røyr som er delvis fylt med ei væske. Når temperaturen endrar seg, vil òg tettleiken til væska endre seg. Då endrar væskevolumet seg òg. Dermed vil væskesøyla i termometeret stige eller søkke i takt med temperaturen.

På sida av det tynne røyret er det fest ein skala, slik at du kan lese av temperaturen. Denne skalaen kan ikkje endrast på, så det er ikkje mogleg å justere målinga om ho viser feil.

Automatisert styresystem

I prosessindustrien blir prosessen vanlegvis overvaka frå eit sentralt plassert kontrollrom. Det ville vore lite formålstenleg om operatørane måtte gå rundt i fabrikken og lese av alle målingar. Dessutan er vi interesserte i å behandle målingane maskinelt, dei er ein del av eit automatisert styresystem. Derfor må alle målingar omformast til eit elektrisk signal, slik at det kan overførast i kablar.

Eit typisk måleinstrument i prosessindustrien vil derfor bestå av eit måleelement og ein omformar. På omformaren er det òg mogleg med nullpunkt- og områdejustering. Det generelle instrumentet vårt kan vi då teikne slik:

Om vi samanliknar dette skjemaet med den manuelle temperaturmålinga, er det termometeret som er måleelementet. I hovudet vårt gjer vi om avlesinga til noko vi kan forstå, fordi vi veit at høgda på væskesøylasvarer til ein viss temperatur. Hjernen vår er altså omformaren. Om vi veit at termometeret vårt viser feil, kan vi òg gjere ei målejustering i hovudet vårt.

Eit måleinstrument består av eit måleelement og ein signalomformar med nullpunkt- og områdejustering.

No er det ikkje slik at det ikkje finst måleinstrument med manuell avlesing i prosessindustrien. Tvert imot finst det mange av dei. Men desse bruker ein som regel ikkje til regulering av prosessen, som oftast blir dei berre brukte til kontroll av målingane som inngår i det automatiske styresystemet.

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2018

Læringsressursar

Måling i prosessanlegg