Fagstoff

Formeiring hos bakteriar

Publisert: 20.03.2013, Oppdatert: 01.08.2017
Bakterier

Bakteriar er dei mest talrike organismane på jorda, og dei finst over alt. Dei er til stor nytte, men kan òg vere årsak til sjukdommar. Bakteriar formeirer seg ukjønna ved ei særskild form for celledeling som kallast binær fisjon (todeling). Denne forma for formeiring kan gå så raskt at det ved særleg gunstige forhold går under 20 minutt mellom kvar nye generasjon.

Salmonellabakterier på menneskecellerSalmonellabakteriar. 

Staphylococcus aureus angripes av hvite blodcellerKvite blodceller går til åtak på bakteriar av arten Staphylococcus aureus (gule). 

Bakterie i ferd med å dele seg.Tidleg stadium av binær fisjon hos bakterien Bacillus subtilis. 

Binær fisjon hos Proteus vulgarisBakterien Proteus vulgaris har nesten fullført deling ved binær fisjon (todeling).

Kva er bakteriar?

Bakteriar er enkle, eincella organismar (prokaryote organismarTeikning av indre og ytre struktur i ein bakterie. Dei første livsformene som oppstod på jorda for cirka 4 milliardar år sidan, var prokaryote celler. Prokaryotane omfattar ekte bakteriar (eubakteriar) og arkebakteriar (arkar). Dei er enkle eincella organismar utan cellekjerne og har berre eit ringforma kromosom med nake DNA.Mange bakteriar har òg ringforma DNA-strukturar som vi kallar plasmid. Gena som finst i plasmida, er ikkje essensielle for at bakterien skal leve, men dei kan auke overlevingsevna til bakterien under vanskelege forhold (ved at dei for eksempel gir antibiotikaresistens).Prokaryote celler har mindre ribosomar og manglar organellar som mitokondrie og kloroplastar. Bakteriane har cellevegg, men han er verken lik celleveggene hos plantar eller hos sopp. Somme bakteriar har òg enkle flagellar som dei kan bevege seg med.). Dei har okkupert alle økosystem, frå dei djupaste hava til dei høgaste fjelltoppane, og kan leve i alle slags miljø, frå svovelhaldige kjelder til det krystallklare vatnet i tropiske hav. Dei er talrike i og på andre organismar, og vi kan til og med finne nokre bakterieartar inne i steinar.

Binær fisjon (todeling)

Når miljøforholda ligg til rette for det, kan talet på bakteriar auke kraftig i løpet av kort tid. Då kopierer dei seg sjølve gjennom ei spesiell celledeling som kallast binær fisjon. Før bakteriecella kan dele seg, må kromosomet (DNA) og eventuelle plasmid kopierast. Når delinga er fullført, har det blitt danna to genetisk like dotterceller.

En bakterie deler seg ved binær fisjon 

  1. Bakterien før celledelinga. DNA er kveila opp.
  2. DNA har replikert (kopiert seg sjølv) før celledelinga startar.
  3. Bakterien blir større, og DNA forflyttar seg til kvar side av bakterien.
  4. Ein ny cellevegg begynner å vekse innover.
  5. Den nye celleveggen er komplett, og bakterien deler seg.
  6. To dotterceller med oppkveila DNA, plasmid og ribosom.

E. coli formeirer seg i tarmen ved todeling.   

Sjå meir om "Utveksling av DNA mellom bakteriar".

Relatert innhald

Aktuelt stoff

Aktuelt stoff for