Fagstoff

Øyret – oppgåve og anatomi

Publisert: 19.03.2013, Oppdatert: 01.08.2017
Lyttende kvinne

Alle organismar må kunne fange opp opplysningar frå omgivnadene for å kunne fungere. Det er sanseorgana våre som har til oppgåve å fange opp slike signal og formidle opplysningane. Øyret sansar mellom anna lyd og sender informasjon til hjernen der han blir tolka og sett om. Høyrselen er kanskje den viktigaste av sansane våre og då spesielt med tanke på kommunikasjon.



Illustrasjon av det ytre øret.Det ytre øyret består av øyremusling, øyregang og trommehinne.  

Trommehinnen forbundet med de små ørebeinene i mellomøretMikroskopbilete av trommehinna. Det kvite feltet på tvers av hinna er dei tre små øyrebeina i mellomøyret. 

Illustrasjon av det indre øret.Sniglehuset og bogegangane ser ein godt som det kvite i bakkant av denne illustrasjonen. Sniglehuset har fått namnet sitt frå forma det har. 

Folk i karusellForstyrringar i kroppsbalansen blir registrert i bogegangane, og raske endringar kan føre til at ein blir svimmel.

Hovudoppgåvene til øyret

Øyret er eit fantastisk organ. Det fangar opp lydbølgjer frå lufta og dannar dei om til informasjon som hjernen vår tolkar. I tillegg til at øyret er organet for høyrsel, er det òg det organet som registrerer om vi rører på hovudet, slik at vi held på likevekta/balansen. Øyret er delt inn i tre hovuddelar: det ytre øyret, mellomøyret og det indre øyret.

  

Det ytre øyret

Det ytre øyret består av øyremuslingen og øyregangen i tillegg til trommehinna, som er overgangen til mellomøyret. Den ytre delen av øyret har som oppgåve å fange opp og leie lydbølgjene innover mot mellomøyret og det indre øyret. I tillegg skal øyremuslingen og øyregangen verne det indre øyret mot vatn og framande partiklar.

 

Mellomøyret

Mellomøyret er den delen som ligg mellom trommehinna og det ovale vindauget. Det er luftfylt og består av dei tre øyrebeina: hammaren, ambolten og stigbøyelen. Desse tre øyrebeina er dei Mellomøret bestående av hammer, ambolt og stigbøyle minste beina i kroppen vår. Oppgåva til mellomøyret er å forsterke og føre lydbølgjene vidare frå den luftfylte delen av øyret og over til det væskefylte indre øyret. Frå mellomøyret går det òg ein kanal ned til nasen, og denne kanalen blir kalla øyretrompeten. Øyretrompeten stabiliserer lufttrykket på begge sider av trommehinna.

 

Det indre øyret

Det indre øyret består av sniglehuset og dei tre bogegangane som medverkar til at vi held balansen. I sniglehuset sit sansecellene (hårcellene), som registrerer vibrasjonane som blir sette i gang når stigbøyelen blir trykt mot det ovale vindauget og medfører rørsle i væska. Desse vibrasjonane blir vidare sette om til elektriske signal som går via høyrselsnerven og til hjernen, der informasjonen blir tolka.

Bogegangane er væskefylte kanalar med sanseceller som sender elektriske signal via balansenerven til hjernen, som på den måten oppfattar kva posisjon kroppen er i.

Relatert innhald

Fagstoff

Til fordjuping