Hopp til innhald

Fagstoff

Mediehistoriske røter

Dei første menneskelege forteljingane består av bilete og visuelle teikn. Seinare blei det utvikla skriftsystem der skriftteikn representerer ulike lydar og ord i talespråket.
Hòlemåleri av hest frå Lascaux i Frankrike. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Byggjesteinar for minnet

Tolv år gamle Maria de Sautuola var den første som kikka opp i taket. Heile familien var på oppdagingsferd i ei hòle på eigedommen sin ved Altamira i Nord-Spania. I lyset frå lommelykta såg dei no flokkar med livaktige bøflar, hestar og andre dyr måla med raude, gule og svarte fargar rett på fjellveggen. Nyare granskingar anslår dei til å vere omkring 15 000 år gamle. Oppdaginga til Maria er rekna som eit av dei største arkeologiske funna i moderne tid.

Det ser ut til at menneskehjernen gjennom evolusjonshistoria har spesialisert seg på å kjenne att og hugse bilete. Allereie i 1890 kunne psykologane påvise at det var bilete, ikkje ord, som danna byggjesteinane i minnet. Seinare forsking har bekrefta at det er mykje meir sannsynleg at vi hugsar eit omgrep som vi får presentert gjennom bilete, enn gjennom ord.

Den tidlegaste visuelle kommunikasjonen vi kjenner, er symbol. Det kunne vere steinsirklar og graver i landskapet, eller små skulpturar eller utskjeringar.

Omkring 3500 f.Kr. finn vi dei første trykte bileta. Det var mønster og symbol som var skapte ved å rulle «stempel» over våt leire eller tekstilar.

I Kina og Japan skar dei ut buddhistiske bilete i treblokker og trykte dei på silke før 400 e.Kr. Eit par hundre år seinare blei bileta kombinerte med tekst. Midt på 1300-talet blei tresnittet teke i bruk i Europa.

Dei katolske kyrkjene var rikt utsmykka med skulpturar, relieff, mosaikkar, glasmåleri og måleri på mur, tre og lerret. For kyrkjelyden, der dei fleste ikkje kunne lese og heller ikkje hadde tilgang til bøker, var det bileta som gav dei eit innblikk i den kristne førestillingsverda. Bileta på kyrkjeveggen var datidas teikneseriar.

Mange av dei første trykte bøkene var biletbøker. Men stadig fleire lærte å lese, og skrifta fekk forrang. Reformasjonen fjerna bileta i kyrkjene. Først med fotografiet, filmen og fjernsynet har biletet teke over som kommunikasjonsberar. Vi kan igjen seie at vi lever i ein visuell kultur.

Skrifta blir til

Thamus var konge i ein by i Egypt. Ein dag kom guden Thoth på besøk. Thoth hadde funne opp mykje nytt, som tal, rekning, geometri, astronomi og skrift. No synte han dei fram for kong Thamus og ville at dei skulle gjerast kjende for alle egyptarar.

Thoth la oppfinningane fram ei etter ei. Om skrifta sa han at ho kom til å betre både visdommen og minnet til egyptarane. Men kongen svarte at det stikk motsette kom til å skje. Dei som lærte å skrive, ville slutte å bruke minnet sitt og bli gløymsame. Dei ville samle mykje informasjon, men utan å bli klokare.

Det var den greske filosofen Sokrates som ifølgje Platon fortalde denne historia. Ho viser korleis dei som representerte den munnlege kulturen, følte seg truga av den nye teknologien, skrifta.

I hundretusenvis av år har menneska snakka saman. Dei store forteljingane i Det gamle testamentet og i Odysseen blei gjenfortalde frå hundreår til hundreår før dei blei skrivne ned. Det ser faktisk ut til at mennesket er fødd med naturlege evner for språk, i motsetnad til dei fleste andre artar. Hjernen har eigne område som er spesialiserte for språk.

Lesing og skriving er derimot ikkje evner vi er fødde med. Skriftspråket er ein teknologi som må lærast. Derfor var det i byrjinga ein reiskap berre for den sosiale eliten. Det voks fram av behova til administrasjon og handel i dei store rika i elvekulturane i Midtausten nokre tusen år f.Kr. Det byrja som enkle symbol og piktogram og utvikla seg til eit fleksibelt system av teikn som kunne setjast saman til ord og setningar.

Sjå video på NRK skole: Steinen som snakker til oss

I mediehistoria kan vi sjå at teknologien ikkje er ein nøytral kanal, men at han formar kulturen som nyttar han. Då menneska byrja skrive, førte det til ei endring i måten dei tenkte på.

I ein tekst følgjer ei setning etter den førre i ei logisk rekkjefølgje, ein idé blir utvikla frå ei byrjing til ein konklusjon, ein tanke frå ein annan tekst kan hentast opp og utviklast vidare.

Tida, som i den munnlege kulturen blei opplevd som ein sirkel, ei evig gjentaking, blei til ei tidslinje. Rituala og mytane, som du har fått eit glimt av dersom du har sett Ringenes herre eller Harry Potter, gjekk etter kvart tapt.

CC BY-SASkrive av Øyvind Høie.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)