Hopp til innhald

Fagstoff

Teaterframsyninga

Det trengst mykje utstyr og innsats frå mange fagpersonar for å skape ei teaterframsyning. Lær meir om kven som bidrar framfor og bak kulissane!
Petronella Barker som Hedda Gabler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein samansett tekst

På teateret møtest mange kunstnariske uttrykksformer på éin og same arena. Både skodespelarkunst, scenografi, biletkunst, litteratur, musikk, dans og andre uttrykksformer går inn i heilskapen og medverkar til det som skal bli ei ferdig framsyning.

Regi

I det profesjonelle teateret er regissøren den øvste kunstnariske leiaren. Det inneber at han eller ho har eit overordna ansvar for å velje dei sceniske verkemidla som skal brukast i produksjonen.

Scenografi

Med scenografi meiner vi utforminga av rommet som ei teater-framsyning speler seg ut i. Det skal vere mogleg å endre og bruke scenografien på ulike måtar i løpet av ei framsyning. Scenografen har hovudansvaret for alle dei visuelle verkemidla i ei teateroppsetjing: scenografi, kostyme og lys.

Dekorasjonar er ein del av scenografien. Ein dekorasjon er gjerne måla og kan til dømes vere eit vakkert bakteppe eller vise eit opphaldsrom eller ei matstove. Dekorasjonar som kan flyttast, kallar vi kulissar.

Lys

Lyssetjinga skal understreke stemninga i stykket og spele med i handlinga. I samband med dette snakkar vi ofte om kaldt eller varmt lys. "Temperaturforskjellane" får vi til ved å bruke ulike fargefilter på spotlysa. Raudt, gult og oransje blir brukte for å få varmt lys, mens blått, grønt og fiolett gjev eit meir kaldt lys. Effektlys av ulike slag, som dansande spotlys, lasereffektar eller strobar, som med lynglimta sine får alt til å gå i sakte film, kan òg gi eit spennande resultat.

Lyd

Lydbruk er òg eit viktig verkemiddel i ei teateroppsetjing. Tidlegare innebar lyd først og fremst stemmene til skodespelarane, og då av og til i kombinasjon med levande musikk. I dag er moderne teaterhus utstyrte med lydanlegg, og det mest vanlege er å setje saman naturleg (akustisk) lyd og teknisk lyd til eit heilskapleg uttrykk.

Lydar og musikk har ei sterk evne til å påverke oppfatninga vi får av det vi ser på scenen. Måseskrik og bølgjeslag kan for eksempel gi assosiasjonar til stader vi har vore og framkalle minne om ro eller einsemd. Desse kjenslene overfører vi så til det vi ser på scenen.

Rekvisittar

Rekvisittar er gjenstandar som rollefigurane kan bruke i ei framsyning. Rekvisitøren samarbeider tett med scenografen, og rekvisittbruken bør vere nøye gjennomtenkt. Rekvisittar kan innimellom ha ei symbolsk tyding, som i dramaet Hedda Gabler av Henrik Ibsen, der to pistolar som hovudpersonen har arva etter far sin, har ein sentral funksjon.

Kostyme

Kostymedesignaren går som regel saman med regissøren gjennom alle rollene i stykket og lagar deretter forslag til kvar enkelt rolle. Det er mange forhold som må avklarast: Kva tidsepoke skal framsyninga spelast i? Kor mange kostymeskift har kvar enkelt rolle? Har somme av rollene særtrekk som bør speglast i kostymet?

Sminke

Sminka medverkar òg til å forme ein rollekarakter. Skal karakteren vere gammal, blir rynker forsterka og markerte. Skal karakteren vere ung, får han kanskje litt ekstra raude kinn eller lepper. Sminka bør svare til spelestilen i stykket. Ho må òg stå i stil med kostyma.

Karakter og rollearbeid

Skodespelaren har ei dobbel oppgåve. Han skal gi uttrykk for kjenslelivet til karakteren – det "indre livet". I tillegg skal han vise korleis rollefiguren handlar i forhold til omgivnadene. Dette kallar vi det "ytre livet" rolla har. Ei god rolletolking krev altså at ein bruker både hovud, kropp og kjensler.

I videoklippet nedanfor møter du skodespelaren Tom Larsen. Sjå og høyr han demonstrere korleis han jobbar med rollene sine!

Ei heilskapleg oppleving

Ei teaterframsyning som fungerer godt, er ein heilskap der lyd og lys blir vovne umerkeleg saman med korleis skodespelarane handlar på scenen. Framsyninga bør ha ein effektiv scenografi, med stilriktig sminke og kostymering som medverkar til eit heilskapleg uttrykk.

CC BY-SASkrive av Merete Brustad.
Sist fagleg oppdatert 27.11.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting