Hopp til innhald

Fagstoff

Modernisme

Modernisme beskriv ein ny måte å tenkje på. Synet på verda endra seg. Modernistane gjekk bort frå gamle tradisjonar og ønskte å skape nye uttrykk. Modernismen braut fram på midten av 1800-talet og hadde innverknad på den vestlege kulturen gjennom heile 1900-talet.
To fotografi av arbeidsplassar i tidleg og sein modernisme. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over:

Kva forbind du med å vere moderne?

Modernisme

Noko som er moderne, høyrer som regel til det nyaste på sitt område. Likevel bruker vi modernisme om fleire stilretningar som utvikla seg gjennom førre hundreår. Samfunnet endra seg radikalt på 1800-talet. Utvikling av ny teknologi og industri gjorde at mange flytta til byane for å få arbeid. Industrien gjorde det mogleg å lage vakre og rimelege kvardagsgjenstandar.

Modernisme beskriv ein ny måte å tenkje på. 1900-talet er prega av nyskaping innan kunst, arkitektur, kunsthandverk, musikk og litteratur. Eksperimentering og kunstnarisk fridom blei lagt vekt på.

I biletkunsten var det ikkje lenger eit mål å etterlikne røynda. I arkitektur og brukskunst reinska ein bort unødvendig pynt. I staden blei rette linjer og reine flater brukte. Form, funksjon og materiale skulle vere i fokus.

Modernismen er ei samnemning for fleire ulike retningar. Innanfor design og kunsthandverk utvikla modernismen seg til art deco, funksjonalisme, Scandinavian design og popdesign. Eit enkelt formspråk med reine flater og stilisert dekor var felles for desse.

Relatert innhald

Art deco var ei stilretning som prega Europa frå tidleg på 1920-talet. Den la vekt på det dekorative og brukte gjerne kostbare materiale.

Funksjonalisme er ei stilretning innanfor arkitektur, byplanlegging og kunstindustri. Idealet er eit enkelt formspråk, der form skal følgje funksjon.

Kunsthandverk som grunnlag for design

Skjerm i lakkert og beisa bjørk med innfelt billedvev i ull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei første modernistane ønskte å relatere design og kunsthandverk til industrisamfunnet. Gerhard Munthe (1849–1929) var ein produktiv kunstnar som jobba med fleire typar kunstindustri. Han laga veggutsmykkingar og teikna møblar, dører og anna inventar. I Noreg blir han sett på som den første industridesignaren.

Modernistisk design

Nora Gulbrandsen var også ein av dei første profesjonelle industridesignarane i Noreg. Ho er kjent for arbeida i modernistisk design for Porsgrunds Porselænsfabrik frå 1930-åra.

Svart servise med gulldekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Spisereiskapar i sølv og emalje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Andre utøvarar som har vore viktige for utviklinga av modernisme i Noreg, er Grete Prytz Kittelsen med emaljegjenstandar, og Tone Vigeland med smykke og bruksting.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 02.12.2019

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer