Fagstoff

Formeiring hos dyr

Publisert: 13.03.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Paring hos elefant

Organismane på jorda formeirar seg instinktivt. Drivkrafta til å spreie eigenskapane sine til neste generasjon ligg nedfelt i genane og er ustoppeleg. Grunnlaget for artane si utvikling og overleving blir lagt gjennom kjønna formeiring og genetisk variasjon. For å sikre ei vellykka formeiring har organismane utvikla ei nærmast uendeleg rekkje formeiringsåtferder, den eine meir forunderleg enn den andre.

Noen fisker er munnrugere og beskytter eggene mens de klekkes.Enkelte fiskar er munnrugarar og vernar dei befrukta egga i munnen til dei blir klekte.  

 

Primater passer godt på avkommetPrimatar er dyr med høgt utvikla omsorg for avkommet.  

 

Slik tror man dinosauren Bonitasaurus dinosaurs formerte seg og la egg i reir.Dinosaurane var krypdyr som la egg, slik som denne Bonitasaurus dinosaurus frå Patagonia i Sør-Amerika som levde for om lag 70 millionar år sidan.     

 

Amfibier vedner tilbake til vann for å formere seg.Amfibium lever på land, men vender tilbake til vatn når dei skal formeire seg.  

 

Buorm stikker hodet ut av egg, åpner munnen for å puste i luft for første gang.Ein buorm kjem ut av egget som har sikra tilgang på fukt under fosterutviklinga.  

 

Menneskefosteret svever i fostervann med samme saltholdighet som urhavene på jorda.Under svangerskapet er menneskefosteret omgitt av fosterhinna og flyt i fostervatn med det same saltinnhaldet som urhava på jorda.  

Å overleve som art

Individa kjempar om mat og territorium, vandrar over store strekningar og tek i bruk mange ulike åtferdsmønster for å klare seg frå dag til dag. Det er likevel berre gjennom å få avkom at arten kan overleve.

Fiskeyngel fra ørret Generelt sett er det slik at artar som investerer mykje energi i å produsere mange kjønnsceller og få mange ungar, viser lita eller inga omsorg for avkommet. Fisk som gyter i dei frie vassmassane, er eit godt eksempel på dette. Artar som produserer få kjønnsceller og får få ungar, slik som apar, menneske og elefantar, investerer på si side desto meir tid og energi i omsorg og yngelpleie.

Eit mangfald av formeiringsmønster

Vi veit ikkje kor mange dyreartar det finst på jorda. Ein stad mellom 3 og 30 millionar er det realistisk å tenkje seg. Kvar art har sin nisjeNisjen til ein art er abstrakt og beskriv korleis han utnyttar ressursane ("rollen"/"jobben" til arten). Nisjen til ein art er bestemt av summen av miljøforhold (både abiotiske og biotiske) som er nødvendige for at arten skal overleve og formeire seg.Gauses konkurranseprinsipp seier at to artar med fullstendig overlappande nisjar ikkje kan sameksistere. i naturen, og artane konkurrerer heile tida med kvarandre. Som ein naturleg del av utviklinga døyr nokre artar ut, og nye artar oppstår.

Bjørner sloss. Kamp om territorium og make Mange dyr kjempar store kampar om retten til å pare seg. Når mange artar er med i kampen for å overleve, vil spesialtilpassingar som gir konkurransefordelar, utvikle seg. Dette resulterer i stor variasjon i formeiringsstrategiar og -syklusar. Formeiringsåtferda er nesten like variert som talet på artar og er oftast sterkt knytt til miljøet arten lever i. Kampen for å vinne gunsten til hoa og retten til å formeire seg kan vere intens at nokre individ døyr.

Parasittiske artar som bendelorm og malaria utnyttar andre organismar for å fullføre formeiringssyklusen sin.

Somme artar går til det heilt ekstreme for å få til formeiringa. Eit slikt eksempel er 17-års-sikadane frå Nord-Amerika. les meir

Magicikada sp.Sikadar i slekta Magicicada har ein livssyklus på heile 17 år. Sikadar frå slekta Magicicada er utbreidd aust i Nord-Amerika. Tre av dei sju artane har ein livssyklus på heile 17 år! (Hos dei resterande fire artane er livssyklusen «berre» 13 år.)

I mesteparten av livssyklusen held unge, ikkje fullt utvikla sikadar (nymfer) til under jorda, der dei lever av plantesaft frå røter til lauvtre. Etter 17 år svermar dei til overflata i ei nærmast ufatteleg mengd (opptil 375 000 per mål).

Nymfene kryp opp i trea der dei veks, går gjennom eit skalskifte og blir utvikla til vaksne individ i løpet av seks dagar. Hannane «syng» ein paringssong ved å vibrere spesielle membranar på bakkroppen. Dette trekkjer til seg hoene som hannane parar seg med.

Etter paringa lagar hoa V-forma groper i borken på trea og legg opptil 600 egg, 20 i kvar grop. Dei vaksne individa døyr når formeringsritualet er over, men egga blir klekte etter seks til ti veker, og dei nyfødde nymfene fell til bakken der dei grev seg ned.

No ser ingen sikadane igjen før om 17 år når formeiringssyklusen startar på nytt. skjul

 

Frå vatn til land

Med få unntak formeirar alle dyr seg kjønna i løpet av livssyklusen sin. Då blir det genetiske materialet frå hannen og hoa blanda i ei befrukta eggcelle. Livet på jorda starta i havet, men har gradvis utvikla seg, og mange livsformer er tilpassa miljøforholda på land. Dette speglar seg i måten dyra formeirar seg på.

Mange artar som lever i vatn, gyter direkte i dei frie vassmassane. Eggcellene blir befrukta her, og zygoten som blir danna, utviklar seg til ein frittsymjande larve som lever og utviklar seg vidare i vatn.

Plansje med livssyklus hos frosk med rumpetrolli vann og voksen frosk på land.Livssyklusen til froskane.Nokre landlevande dyr, slik som amfibium, vender tilbake til vatn for å gyte. Egga blir befrukta og utvikla i vatn. Larven som blir danna frå zygoten, held òg til i vatn, men utviklar seg gradvis til eit vakse individ som til slutt kryp opp på land og lever mesteparten av livet sitt der.

Eggleggende pattedyr, Platypus fra Australia.Nebbdyret frå Australia er ein av nokre svært få pattedyrartar som legg egg.Hos artar som har frigjort seg heilt frå eit liv i vatn, slik som krypdyr og fuglar, har det livsviktige behovet for fukt omkring fosteret blitt teke hand om ved å utvikle egg med skal. Nokre ganske få primitive pattedyr legg òg egg, men hos dei aller fleste pattedyra blir avkommet utvikla innvendig hos hoa, i ei livmor, der fosteret sym i fostervatn. Når vår eigen art er på fosterstadiet, badar vi i fostervatn med same saltinnhaldet som urhava på jorda hadde. Dette minner oss om den evolusjonære fortida vår i havet.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Generelt

Relatert innhald