Fagstoff

Talføljer

Publisert: 13.03.2013, Oppdatert: 05.03.2017

Tal plasserte etter kvarandre i ei bestemt rekkjefølgje, kallar vi ei talfølgje. Ditt første møte med talfølgjer var kanskje då du lærte å telje.

Tall på postbokserTal plasserte etter kvarandre i ei bestemt rekkjefølgje, kallar vi ei talfølgje

Tala 1, 2, 3 og 4 er eit døme på ei talfølgje eller berre ei følgje. Legg merke til at rekkjefølgja av tala er vesentleg.Tala i ei talfølgje kallar vi ledd, og ledda følgjer som oftast eit bestemt mønster.

Vi kan ha talfølgjer med eit endeleg tal ledd, endelege talfølgjer, som til dømes talfølgja

2, 3, 5, 7, 11, 13

eller talfølja

2, 4, 6, 8, ..., 100

Vi kan ha talfølgjer med uendeleg mange ledd, uendelege talfølgjer, som til dømes talfølgja

1, 4, 9, 16, 25, 36, ...

Dei tre prikkane etter det siste leddet viser at talfølgja held fram etter same mønster.

Tenkjeboble, kan du finne mønsteret 

TalføljeMønster
2, 3, 5, 11, 13Talfølgja består av alle primtal mindre enn eller lik 13.
2, 4, 6, 8, ..., 100
Talfølgja består av alle positive partal mindre enn eller lik 100.
1, 4, 9, 16, 25, 36, ...
Talfølgja består av alle kvadrattal.

 

Nedanfor ser du fleire talfølgjer. Prøv å finne mønstra, og fyll inn dei neste ledda i kvar talfølgje

TalføljeMønster
1, 2, 3, ...                                           
1, 4, 9, 16, ... 
2, 4, 8, ... 
3, 9, 27, ... 
12,23,34,45, ... 
5, 10, 15, 20, ... 
2, 3, 5, 7, 11, 13, ... 
1, 3, 6, 10, ... 
1, 1, 2, 3, 5, 8, ... 

 

Oppgåver

Generelt