Klargjere servicefundamenta
Ved å sjå på serviceleveransen som ein prosess får vi ei oversiktleg skildring av ein komplett servicepakke. Di meir detaljert skildringa er, di enklare er det å forstå kva vi skal levere.
Triveleg, enkelt og trygt
TET-modellen består av tre kundeorienterte servicefundament: trivsel, enkelheit og tryggleik.
Repetisjon frå Vg1: Servicefundament
Les meir:
Kombinasjonen TET og «blomstrande service»
TET-modellen kan kombinerast med dei åtte områda i modellen «blomstrande service». Då går vi systematisk gjennom kvart av dei åtte områda og spør: Kva skal til for at gjestene våre skal oppleve det som triveleg, enkelt og trygt (TET) å vere kunde hos oss? Her bruker vi området forvaring som døme.
Utforminga av ein servicepakke kan ta utgangpunkt i dei ønska og behova som kundane har innanfor kvart av fundamenta triveleg, enkelt og trygt.
Vi kan stille kontrollspørsmål under kvart hovudpunkt og underpunkt.
Kontrollspørsmål
- Forventar målgruppa ein høgtideleg eller jovial tone? Kva høflegheitsfraser er dei vande med?
- Kva vil det seie å skape ein god atmosfære? Kva har møblar, blomstrar og annan pynt å seie?
- Er det lett for kundane å få forvaring for verdisakene sine?
- Finst det leikerom for barna? Korleis kan vi stole på at utstyret er trygt og sikkert?
På tilsvarande måte kan vi ta for oss kvart område i modellen «blomstrande service». Etter kvart får vi eit gjennomtenkt og fullstendig servicetilbod med den kvaliteten vi ønskjer.