Hopp til innhald

Fagstoff

Kampen om TV-sporten

Kommersielle TV-aktørar har kjøpt rettar til idrettsarrangement som tidlegare blei formidla av allmennkringkastarar. Er idrettshendingar nyheitsstoff som vi alle bør ha tilgang til, eller er det rein underhaldning?
Tre skiløparar går i full fart, framoverbøygde med stavane bakover under armane. To av dei har norske fargar på trikoten. Foto frå ski-VM i Val di Fiemme 2013.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kampen om dei olympiske leikane

Den amerikanske mediegiganten Discovery Communications, som er kontrollert av John C. Malone og familien Newhouse, bladde i 2015 opp 1,3 milliardar euro – 11,4 milliardar kroner – for dei europeiske rettane til sommar- og vinter-OL i perioden 2018–2024. Avtalen gjeld for 50 europeiske land og territorium og for visning på både TV, internett og mobil.

Discovery Communications har verksemder i 220 land og eig mellom anna TVNorge og Eurosport Norge. Det er disse kanalane som i dette tidsrommet har rettar til å vise OL-sendingane i Noreg. Verken dei norske allmennkringkastarane NRK og TV 2 eller Den europeiske kringkastingsunionen var i nærleiken av å kunne tilby eit liknande beløp.

Den internasjonale olympiske komiteen (IOC) valde i dette tilfellet å gi rettar til dei TV-selskapa som kunne betale mest, ikkje dei som har flest potensielle sjåarar. Ein del kritikarar meiner at dette kan føre til lågare interesse for sportsarrangement.

Tenk over

Kvifor blar TV-selskapa opp milliardbeløp for å sikre seg rettane til dei store idrettshendingane?

Kor viktig meiner du sport er i norsk kultur?

Kampen om fotballen

Det er fort gjort å gå seg vill i kvar ein skal sjå fotball på TV. Alt var så mykje enklare før då ein berre fekk tippekampen frå England på NRK. I dag konkurrerer dei leiande aktørane på TV-marknaden i Noreg (NRK, TV 2, Viaplay Group og Discovery Network) om TV-rettane til fotball. Det ligg mykje pengar i sal av TV-rettar, og Premier League i England genererer anslagsvis heile 35 milliardar i inntekter til ligaen kvart år.

NRK og TV 2 har fått rettane til nasjonale ligaer frå 2022, mens Viaplay Group har fått rettane til Premier League i England frå 2022.

Dyrt å sjå fotball på TV

Fotball på TV har ikkje berre blitt ein kamp om rettar til å vise fotball, det har òg blitt ein maktkamp mellom innhaldsprodusentar og innhaldsdistributørar. Det kjem tydeleg fram i kampen om dei norske fotballrettane. I bodstriden var det både distributørar som Altibox og Telenor og dei tre store medieselskapa i avisbransjen, Schibsted, Amedia og Polaris.

Liverpool-kaptein Steven Gerrard tek frispark mot Southampton. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmålet er kor lenge denne pengegaloppen i fotball vil halde fram. Unge folk som er ivrige tilhengarar av fotball, er lite villige til å betale, mens eldre generasjonar er vande med å betale. Vi kan derfor sjå for oss at viljen til å betale vil søkke etter kvart som dei unge blir eldre.

Kampen om vinteridretten

Sjølv om NRK og TV 2 har som mål å formidle idrettsaugneblinkane som samlar Noreg, taper dei ofte kampen mot andre store medieaktørar. Eit godt døme her er TV-rettane til vintersport. Vi har i nesten alle år kunna samle oss rundt TV-skjermen og sjå på vinteridrettar som ski, hopp, alpint og skiskyting på NRK, og til ein viss grad TV 2. No er det slutt.

Frå sesongen 2021–2022 har Viaplay Group teke over rettane til å sende verdscupen og VM i alpint, langrenn, skihopp, kombinert, snøbrett og fristil. Det einaste som er att til NRK og TV 2, er verdscupen og VM i skiskyting og Ski Classics. Spørsmålet er om vi er villige til å betale for å sjå desse idrettsaugneblinkane «live» eller fylte med reklame, og om interessa for vinteridrett vil søkke framover.

Kven er Viaplay Group?

Viaplay Group er eit relativt nytt medieselskap. Hovudverksemda til Viaplay Group er kringkasting av radio og TV i Norden og strøymetenesta Viaplay. Viaplay Group har tre reklamefinansierte TV-kanalar i Noreg: TV3, Viasat 4 og TV 6. NEND eig òg radiokanalen P4 Radio Hele Noreg, Noregs første og største riksdekkjande kommersielle radiokanal.

Viaplay Group står bak Viasat, som distribuerer satellitt-TV. Viasat og Canal Digital (eid av Telenor) har i 2021 slått seg saman under namnet Allente. Viaplay Group er eigd av svenske institusjonar og fond (48 prosent) og internasjonale investorar (52 prosent).

Kven eig sporten?

I utgangspunktet skil ikkje hendingar i samband med sportskonkurransar seg frå andre hendingar det er naturleg for nyheitsmedia å referere frå. Mange vil hevde at dette er informasjon som alle bør ha rett til å få del i, og at slike reportasjar derfor ikkje bør «låsast inne» på betalingskanalar. Andre meiner at ein bør sjå på sportsarrangement som betalt underhaldning, på linje med rockekonsertar og missekonkurransar.

Internasjonale idrettsorganisasjonar, som International Olympic Committee (IOC) og Fédération Internationale de Football Association (FIFA), forvaltar i dag enorme summar på vegner av idretten. Som kommersielle aktørar er dei interesserte i å skru opp prisen på «vara» dei sel til medieselskapa. Men fleire av utøvarane som stiller opp for Noreg på slike arrangement, har fått finansiert delar av idrettskarrieren sin gjennom statlege tilskotsordningar, og mange forventar derfor å kunne følgje heltane sine i internasjonale meisterskapar utan å måtte betale for det.

Usikre reklameinntekter

NRK sende levande bilete frå dei olympiske leikane frå 1960 til 2012. Desse sendingane har derfor for mange norske TV-sjåarar blitt malen for korleis slike idrettshendingar skal dekkjast. Det blei derfor ramaskrik då den kommersielle allmennkringkastaren TV 2 sikra seg TV-rettane til olympiske leikar i 2014 og 2016. Ein del sjåarar reagerte på at sendingane no blei avbrotne av reklamepausar.

Ein kommersiell TV-kanal er avhengig av reklame. Det er reklamepausane som finansierer sendingane. Men det er sjåartala som avgjer kva reklamen kostar. Norsk suksess har derfor mykje å seie for inntekta til norske TV-kanalar. Blir norske handballjenter til dømes slått ut i kvartfinalen, taper kanalen store inntekter i semifinalane og finalen.

Kjelder

Medietilsynet (2021). Eigarskap i norske medium. https://www.medietilsynet.no/fakta/mediene-i-tall/eierskap-i-norske-medier/

Medienorge (2021). Store mediekonsern. https://medienorge.uib.no/fakta/mediekonsern

Medienorge (2021). Sportsrettigheter. https://www.medienorge.uib.no/fakta/sportsrettigheter

Selliaas, A. (2019). Vi trenger en egen mediemelding om sportsretter. Henta frå https://www.idrettspolitikk.no/2019/04/kommentar-vi-trenger-en-egen-mediemelding-om-sportsrettigheter/

CC BY-NC-SASkrive av Hege Røyert, Jan-Erik Sveum og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Globale teknologiselskap og medieaktørar