Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Seljande varepresentasjon – indre salsmiljø

Det indre salsmiljøet er viktig for både kundar og tilsette. Her får du nokre utfordrande og kreative oppgåver om indre salsmiljø.
Knivsett, kjelar, middagsservise og liknande varer står utstilte på bord og i hyller i ein kjøken- og interiørbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips til oppgåveløysing

For å ha det litt gøy når de løyser denne oppgåva, kan de laste ned det gratis teikneprogrammet Sweet Home 3D.

Sweet Home 3D er eit program som hjelper deg med å teikne rom for rom, setje inn vindauge og dører og møblere. Resultatet kan du studere både to- og tredimensjonalt.

Last ned

Programmet finst på engelsk og svensk. Her kan du laste det ned: Sweet Home 3D (sweethome3d.com).

Oppgåve 1

Du skal opne ein ny skobutikk i gågata i byen. Skobutikken har eit breitt utval av sko til alle aldersgrupper, og det er viktig at skoa blir riktig eksponerte. Lokalet er kvadratisk, omtrent hundre kvadratmeter (10 m x 10 m). Det er vindauge på éin vegg, og inngangsdøra er midt på denne veggen. Ta elles utgangspunkt i deg sjølv, bestem årstid og sortiment og lag ei skisse av korleis det indre salsmiljøet skal utformast. Du skal òg plassere ut varene.

Oppgåve 2

Du har fått i oppgåve å innreie ein butikk som skal selje kosmetikk til jenter (unge kvinner). Butikken ligg i eit kjøpesenter. Lokalet er sju meter langt og sju meter breitt. Teikn ei skisse og beskriv innreiing, fargar, stil, utstillingar, vareplassering, og så vidare.

Oppgåve 3

Du har fått i oppgåve å innreie ein butikk som skal selje produktet x. Vel produkt sjølv og beskriv målgruppa. Fortel kvar butikken skal liggje, og korleis lokalet er (storleik, omgivnader, og så vidare). Beskriv korleis du vil utforme butikken. Teikn ei skisse og beskriv innreiing, fargar, stil, utstillingar, vareplassering, og så vidare.

Oppgåve 4

Du har fått i oppgåve å innreie ein butikk for gamingutstyr. Butikken skal liggje inne på eit stort og nytt kjøpesenter og vere cirka 200 kvadratmeter. Det er viktig at målgruppa trivst og kan prøve nye produkt som kjem inn i butikken. Teikn ei skisse og innrei etter eige ønske når det gjeld fargar, stil, utstillingar, vareplassering, og så vidare.

CC BY-SASkrive av Mette Holan og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Salskanalar og salsmiljø