Hopp til innhald

Fagstoff

Betydninga av vareplasseringa

Har du tenkt over kvifor aviser ofte er plasserte ved kassa? Vareplassering kan ha stor betydning for salet, derfor er det viktig at vi plasserer varene på den mest føremålstenlege staden i butikken.
Kø i kassa på ein matbutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor er vareplasseringa så viktig?

I daglegvarebutikkar blir magnetvarer som mjølk og brød ofte plassert innerst inne i butikklokalet. Då må kundane gå forbi store delar av sortimentet for å kome til dei varene dei eigentleg skulle ha.

Tanken er at kundane på sin veg gjennom butikken skal plukke med seg ein del andre varer som dei eigentleg ikkje hadde tenkt å kjøpe.

I kassaområdet blir kundane ofte ståande ei stund mens dei ventar på å få betale for varene. Her plasserer ein derfor gjerne impulsvarer som sjokolade og aviser. Mens kunden ventar, kan han eller ho plukke med seg av impulsvarene. Når kundane blir eksponerte for impulsvarer, kan vi dermed få selt meir.

Kor mykje tener vi på dei ulike varene?

Ein ting som er viktig å vite, er kva varer som sel, og kva varer som berre ligg stille i hylla. Det er òg viktig å vite kva varer vi tener godt på, og kva vi tener lite på. Med andre ord må vi ha oversikt over kor mykje vi tener på dei ulike varene.

Systematisering av varer

For å systematisere gir vi varene ulike namn:

Trafikkskaparar
er dei varene som får kunden til å oppsøke butikken, som til dømes mjølk og brød.
Vinnarar
er lettomsetjelege varer med god forteneste, som til dømes nye mobiltelefonar, felleski og andre bestseljarar.
Serviceprodukt
er produkt som har låg forteneste eller lågt sal, men som kundar forventar at butikken har, til dømes ekstrautstyr til eldre mobiltelefonar.
Dovne varer
er varer som har lågt sal, men høg forteneste, til dømes dyre og eksklusive koffertar i ein veskebutikk.
forteneste og sal

Lågt sal

Høgt sal

Høg forteneste

Dovne varer

Vinnarar

Låg forteneste

Serviceprodukt

Trafikkskaparar

Sameksponering

For å auke salet må du tenke sameksponering. Saman med trafikkskaparen bør du plassere alle produkta som kan seljast saman med denne trafikkskaparen. Dette er ikkje berre for å auke salet, men også for at kunden skal få med seg alt som trengst (og bli tilfreds). Viss du til dømes har tilbod på ei steikepanne, bør lokk og steikespade stå saman med denne.

Ein mann viser fram ei stekepanne med lokk som står utstilt i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.07.2021

Læringsressursar

Salsmiljø