Fagstoff

Gassutveksling

Publisert: 11.03.2013, Oppdatert: 05.03.2017
Gassutveksling hos tøffeldyr

Dyr kan ikkje leve utan å utveksle gassar med omgivnadene. Prosessar i kroppen vil stoppe opp dersom dei manglar oksygen, eller viss karbondioksid hopar seg opp. Oksygenet er viktig for å kunne utnytte energien i næringsstoffa, og karbondioksid er eit avfallsstoff som må fjernast frå cellene fortløpande. Utvekslinga av oksygen og karbondioksid mellom cellene og omgivnadene kallar vi respirasjon.

Gassutveksling i lunger og vev. Foto.Gassutveksling i lunger og vev.  

En rødlig meitemark som ligger i sin jordgang. Foto.Hos meitemarken skjer gassutvekslinga ved diffusjon gjennom fuktig hud. Det er tilstrekkeleg fordi han har stor overflate i forhold til volum.     

En frosk med synlig lunge. Foto.Froskar pustar med enkle lunger, men har òg gassutveksling gjennom den fuktige huda.

Cellene bruker oksygen

Alle celler må ha tilførsel av oksygen. Gjennom ei rekkje reaksjonar som vi samla kallar celleanding, bruker cellene oksygen for å gjere om energien i næringsstoffa til energirike ATP-molekyl (adenosintrifosfat).

Celleånding. Foto.  ATP er nødvendig for alle energikrevjande prosessar i ei celle. Sidan den aerobe celleandinga skjer i mitokondriane til cellene, er det der alt oksygenet blir brukt. For at cellene skal få tilført oksygen, må dyr ta opp denne gassen frå omgivnadene. Dette kan skje via luft eller vatn.
Under celleandinga blir sluttprodukta karbondioksid og vatn danna. Desse må dyra gi frå seg til omgivnadene. For effektivt opptak av oksygen og utskiljing av karbondioksid har mange dyregrupper utvikla spesialiserte respirasjonsorgan.

Gassutveksling skjer ved diffusjon

Gassutveksling skjer ved at oksygen og karbondioksid strøymer frå eit område med høg konsentrasjon av gassen til eit område med lågare konsentrasjon. Dette kallar vi diffusjonDiffusjon. Konditorfargen har fordelt seg likt i vatnet på eit døgn. Det var inga rørsle i vatnet da forsøket starta.      Rørsle MED og MOT konsentrasjonsgradienten.  Diffusjon er spreiing av eit stoff i gass eller væske frå høg til låg konsentrasjon, slik at stoffet blir jamt fordelt i det rommet som er tilgjengeleg.Diffusjon går alltid med konsentrasjonsgradienten og kan òg skje gjennom halvgjennomtrengjelege membranar med partiklar som kan passere fritt.Eksempel: ei lukt breier seg i eit rom, og sukker fordelar seg etter kvart i teen, utan at du rører.KonsentrasjonsgradientEin forskjell i konsentrasjonen blir kalla ein gradient.Rørsle MED gradienten går frå der det er mykje, til der det er lite av stoffet.Transport med gradienten skjer passivt ved diffusjon.Rørsle MOT gradienten går frå der det er lite til der det er mykje av stoffet.Transport mot gradienten krev energi og blir kalla aktiv transport.. Sidan cellene bruker oksygen, vil det vere ein lågare konsentrasjon av oksygen inne i cellene enn utanfor. Oksygen vil derfor diffundere inn i cellene. Diffusjonsretninga for karbondioksid er motsett, sidan denne gassen blir produsert inne i cellene.

Store, tynne og fuktige overflater

Gassutveksling må skje over tynne overflater med eit stort areal for at alle cellene i kroppen skal få oksygenbehovet dekt. Respirasjonsoverflatene er bygde opp av levande celler som må haldast fuktige for å fungere. Vanlegvis skjer gassutvekslinga over eit lag fuktige epitelceller, som har rik blodtilførsel.

Rumpetroll. Foto.Små rumpetroll tre dagar etter klekking, med store utvendige gjeller. Overflata hos vasslevande dyr står i direkte kontakt med omgivnadene og held seg fuktige ved hjelp av vatnet. Landlevande dyr må halde fuktige overflater ved like utan å tape for mykje vatn til omgivnadene. Respirasjonsorgana ligg derfor verna inne i kroppshola. Hos mange dyr sørgjer eit eige sirkulasjonssystem for transport av oksygen og karbondioksid mellom cellene og respirasjonsorgana.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Aktuelt stoff for

Relatert innhald