Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Køyr kamera!

I denne oppgåva skal du, åleine eller saman med to–tre andre, setje forhandlingar på lerretet. Filmen skal handle om siste fase av salsprosessen, der partane forhandlar om ei løysing som kjem begge til gode.
Hender som held ein mobiltelefon. På mobiltelefonen ser vi at det blir teke bilete av ei vindaugsutstilling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blir begge partar fornøgde?

Bruk eit filmprogram, til dømes Photo Story, Movie Maker eller GoAnimate, til å setje saman bilete, lyd og tekst på ein måte som du synest presenterer temaet godt.

Lag film om forhandlingsprosessen

Finn eit produkt de er fortrulege med, og bruk fagstoffet om enkle forhandlingar som utgangspunkt. Filmen bør innehalde både teori om forhandlingar og eit døme på korleis ein gjer dette i praksis.

Anten kan de spele rollene sjølve, eller de kan illustrere forhandlingane på andre måtar, til dømes ved hjelp av snakkebobler og tydelege ansiktsuttrykk på personane som er på bileta.

Blir dei einige i filmen, eller endar det med katastrofe og ein misfornøgd kunde?

Set gjerne ting på spissen, så skjønner vi kva som skjer.

CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2021

Læringsressursar

Salsprosessen